HANDLETUR: Når overgangsvindauget opnar 20. juli, er det ikkje utenkjeleg at Sogndal nyttar sjansen til å hente inn forsterkningar før dei tar fatt på hausten, seier Eirik Bakke. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Bakke utelukkar ikkje at Sogndal opnar lommeboka i sommar

Eurosport-ekspert Kjetil Rekdal meiner Sogndal bør forsterke midtbana si.

SogndalDet kunne ha sett verre ut, var kommentaren til Sogndal-trenar Eirik Bakke då han fekk spørsmål frå Porten.no om å oppsummere sesongen så langt når norsk fotball tar ferie.

Med 20 poeng er sogndølene i rute til fornya kontrakt i Eliteserien trass enorme skadeproblem. For at poengfangsten skal halde fram i haust, kan det vere at det må forsterkningar til. 20. juli opnar overgangsvindauget i Noreg og Bakke utelukkar ikkje handling.

– No må me først summa oss litt og telja opp kven me har. Me bør få inn nokon som kan lyfta unggutane. At det blir nokon inn og nokon ut, skal ein ikkje sjå vekk frå, seier han til Porten.no.

Ønskjer Wæhler med vidare

Mest nærliggande å tenkja på då er Kjetil Wæhler. Stopparveteranen har kanskje vore årets signering så langt. Med han på bana slepp Sogndal knapt inn mål, men ein 41 år gamal kropp treng meir kvile. Mot Rosenborg var stopparen ikkje med.

Sjå høgdepunkta frå Rosenborg-kampen

– Avtalen var at han skulle vera i Sogndal fram til sommaren. No skal me ha ein prat med han om ti dagar slik at han får klarna hovudet saman med familien, og så får me sjå. Kjetil er ein me vil ha med vidare, seier Sogndal-trenaren, som meiner 41-åringen har betydd mykje for Sogndal.

– Både på og utanfor bana. Han tar med seg ein profesjonalitet og tryggleik som han gir til dei unge. 

Midtbanespelar

Eurosport-ekspert, Kjetil Rekdal, har analysert alle laga i Eliteserien før overgangsvindauget opnar. For det første trur han at Sogndal vil greie seg, men meiner samstundes at ein ny midtbanespelar ville ha heva laget.

– Om dei held Wæhler skadefri, ville eg ha sagt at dei burde henta ein sentral midtbanespelar. Dei henta tilbake Henrik Furebotn frå Glimt utan at han har klart å setja sitt preg på laget. Dei har Koomson og Ramsland, så kanskje ein til inn då. Ein god sentral midtbanespelar hadde løfta dette Sogndal-laget, seier han til Eurosport.

Til toppen