Silkeborg: Med fem mål var Hege Bakken Wahlquist frå Årdal sterkt delaktig i at laget hennar Silkeborg-Voel KFUM slo franske E.S Besancon Feminin i europacupen laurdag. Heimelaget greidde å kjempe i land ein 27-26-siger, etter først å ha rota vekk seksmålleiinga dei hadde til pause.
Returoppgjeret blir spelt i Palais des Sports 21. oktober. Vinnaren går vidare til tredje kvalifiseringsrunde, den siste før gruppespelet i europacupen.
Då Hege Bakken Wahlquist i sommar melde overgang frå TT-Holstebro var eit høgare ambisjonsnivå forklaringa. Å
rdølen har fått god uttelling i Europa, men i serien går det tyngre.
Etter seks kampar ligg gamleklubben TT-Holstebro på bronseplass, medan Silkeborg er på kvallikplass til nedrykk. Etter sigeren i opningskampen har det blitt labre fire tap og èin uavgjort, før oppturen i europacupen.
Personleg har Hege Bakken Wahlquist gjort ein meir enn grei innsats. Førebels ligg lynvingen på 18. plass på toppskårarlista i serien med 21 mål, eller trettandeplass viss du berre tel spelemål.