STORSPELTE: Hege Bakken Wahlquist storspelte mot gamleklubben TTH i ein treningskamp onsdag kveld. Årdølen blei toppscorar med åtte mål.
STORSPELTE: Hege Bakken Wahlquist storspelte mot gamleklubben TTH i ein treningskamp onsdag kveld. Årdølen blei toppscorar med åtte mål. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Bakken Wahlquist vart toppscorar då ho møtte gamleklubben

Årdalsjenta blir løfta fram som ein av kampens beste spelarar.

Årdal: Hege Bakken Wahlquist melde i sommar overgang frå Team Tvis-Holstebro til sin nye klubb Silkeborg-Voel KFUM.

Onsdag spelte dei sin nest siste treningskamp for sommaren mot nettopp gamleklubben til lynvingen. Der scora ho åtte mål og blei toppscorar.

I kampreferatet blir Bakken Wahlquist særleg framheva for det gode spelet ho leverte. Både i forsvar og etablert angrep gjorde laget hennar det godt i timålssigeren, men trenaren er klar på at det er på kontringar laget skal ha sin styrke. Då blir årdølen sentral.

– Ja, me har fleire strenger å spela på enn sist sesong, men det er kontringsspelet me skal leve av i ligaen, og det gjorde me godt denne gongen mot Holstebro, seier Jakob Andreasen til klubbens heimeside.

Då Porten.no snakka med Bakken Wahlquist i sommar, fortalte ho at ho ikkje var heilt nøgd med året i TTH. No kjenner ho seg nærare ein landslagsplass enn nokon sinne, noko som er det store målet.

– Det har vel først og fremst med ambisjonsnivået å gjera. Eg har litt høgare ambisjonar. Og eg trur det er eit litt betre treningsmiljø i Silkeborg – og at trenaren passar litt betre til meg. Det er heile pakka, eigentleg, sa ho då om klubbskiftet.

Den nye laget hennar sesongopnar mot Randers HK 1. september.

Til toppen