POPULÆR: Mange har etterspurt Kjartan Lauritzen til musikkfestivalen Jordeplerock.
POPULÆR: Mange har etterspurt Kjartan Lauritzen til musikkfestivalen Jordeplerock.

Balestrendingen Kjartan Lauritzen kjem til Jordeplerock 2019

Måndag vart den fyrste artisten til Jordeplerock 2019 offentleggjort.

Lærdal: No kjem han attende til Lærdal. Kjartan Lauritzen spelte på musikkfestivalen Jordeplerock i 2016 og sidan den tid har både artisten og festivalen blitt enda meir populære.

–  Det er ekstra gøy å spela i Lærdal for det er så og sei på heimebana, seier Kjartan Lauritzen sin manager, DJ og bror, Theodor Sigurdsson Kvikne til Porten.no. 

– Me elskar å spela i Sogn og Fjordane. Det er det me likar best, legg Sigurdsson Kvikne til. 

Attende etter tre år 

Marknadsansvarleg for Jordeplerock Torgeir Skjerdal er stornøgd med å få Lauritzen attende til Lærdal. 

– Denne gongen har me høyrt mykje på kven publikum ville ha på scena. Svært mange ønskte Lauritzen, difor vert det stor stas å få han til festivalen neste år.

Festivalen plar å ha ein god miks av både lokale og større artistar. 

 – I tillegg er me ekstra stolte over at han både er lokal og har stor suksess nasjonalt, seier Skjerdal. 

Førebels er Kjartan Lauritzen den fyrste artisten som har blitt sleppt, men Skjerdal røper  at fleire vil bli offentleggjort rett over nyttår. 

Til toppen