BÅLSTEMNING: Gode naturopplevingar i nærmiljøet kjenneteiknar naturmøteplassane. Foto: Maren Gylland / 4H Norge​.
BÅLSTEMNING: Gode naturopplevingar i nærmiljøet kjenneteiknar naturmøteplassane. Foto: Maren Gylland / 4H Norge​.

«Ballbingar» for det gode liv i naturen

Du treng ikkje gå på dei høgste fjelltoppane eller reisa langt bort for å få gode opplevingar i naturen. Naurmøteplassar i nærmiljøet har mange stader blitt ein stor suksess.

Luster: – Vi kallar gjerne naturmøteplassane for friluftslivet sitt svar på ballbingar, seier rådgjevar i friluftsliv Silje Beate Fossbråten i 4H Norge.

4H-klubbar i Noreg har dei seinare åra bygd rundt 200 naturmøteplassar rundt om i landet. Plassane er lagt til rette for at dei skal vera familievennlege og at det skal vera lett å koma seg dit for små og store utan for mykje styr og førebuingar. Det viktigaste er å ha det kjekt i lag, som i andre ballbingar.

– Det er 4H-klubbar rundt om i landet som har bygd og eig naturmøteplassane, men kven som helst kan bruka dei, strekar Fossbråten under.

Millionstøtte

Bakgrunnen for tiltaket er at 4H for åtte år sidan fekk ei stor pengegåve frå Sparebankstiftinga DNB Nor.

– Vi fekk då ti millionar kroner til eit prosjekt som heitte «Miljøløftet». Eitt av tiltaka i prosjektet var å byggja naturmøteplassar.

Artikkelen held fram under biletet.

SAMLINGSPLASS UTE: Naturmøteplassar er samlingsplassar i nærmiljøet der små og store kan ha det kjekt i lag ute. Her frå naturmøteplassen til Atløy 4H i Askvoll i Sogn og Fjordane.
SAMLINGSPLASS UTE: Naturmøteplassar er samlingsplassar i nærmiljøet der små og store kan ha det kjekt i lag ute. Her frå naturmøteplassen til Atløy 4H i Askvoll i Sogn og Fjordane.

Fossbråten fortel at alle naturmøteplassane er bygde på dugnad, men at 4H og andre frivillige har fått støtte til kjøp av materialar.

Tiltaket har blitt ein stor suksess. No vil stadig fleire byggja liknande plassar.

Ny nettside viser veg

– Mange av fylkeskontora våre får spørsmål om naturmøteplassane. Folk ringjer og lurer på kva det er, korleis dei kan byggjast og kven dei er for. Alt dette kan folk i heile landet no få svar på ved å klikka seg inn på den nye nettsida naturmøteplass.no, forklarer Fossbråten.

Nettsida er utvikla av 4H Sogn og Fjordane, som er det fylkeslaget som toppar lista over flest naturmøteplassar i landet. Dei har mellom anna samla gode døme på slike plassar og bygningar som allereie er tekne i bruk – og tips og råd til kva som er lurt å hugse på når du skal laga ein naturmøteplass.

Den nye nettsida inneheld også informasjon om kor det er mogleg å søkja om støtte, tips til uteaktivitetar, oppskrifter på turmat og mykje meir.

Artikkelen held fram under biletet.

STEIN SOM MØTEPLASS: Fortun i Luster har mellom anna eit klatrefelt med løyper av ulik vanskegrad på naturmøteplassen.
STEIN SOM MØTEPLASS: Fortun i Luster har mellom anna eit klatrefelt med løyper av ulik vanskegrad på naturmøteplassen.

Gapahuk og bål

Kva ein naturmøteplass er varierer mykje frå plass til plass.

– Nokre har valt å snu ein gammal færing og byggja gapahuk gjennom den. Andre har bygd meir tradisjonelle grillhytter, medan enkelte har valt å ta utgangspunkt i ein buldrevegg på ein stein og gjera steinen til møteplass, seier Fossbråten, som forklarar at variasjonen og spennvidda er stor.

– Fleirtalet er likevel ei eller anna form for gapahuk og samlingsplass rundt eit bål.

– Ta kveldsmaten ute

Fossbråten meiner naturmøteplassane kan spela ei viktig rolle i mange lokalsamfunn – både i konkret og overført betydning.

– Som lågterskeltilbod trur eg desse lokale arenaene er svært viktige. Dei er ikkje mykje tilrettelagt, men akkurat nok til at det er ein naturleg plass å samlast for å laga mat og driva annan aktivitet – eller stoppa som ein del av ein lengre tur, seier ho.

Ho trur difor slike plassar er med på å gjera folk merksame på moglegheitene som finst i nærmiljøet.

– Friluftsliv treng ikkje vera store utflukter eller lange turar på fjellet. Det kan faktisk vera ein ettermiddag med kveldsmat ute, seier ho og strekar under at korte turar i nærmiljøet er vel så interessant med tanke på folkehelsa og det å nå breiare ut til folk.

Meir samarbeid, auka samhald, fleire aktivitetar i lokalmiljøet, fellesskap og frisoner utan krav om prestasjonar er andre positive eigenskapar og overføringsverdiar, meiner Fossbråten.

Allemannseige og gode hjelparar

Ho håpar at 4H med den nye nettsida i kombinasjon med aukande interesse for friluftsliv kan vera med å bidra til at fleire kjem seg ut på tur. For at naturmøteplassane skal bli allemannseige trur ho likevel det viktigaste er at lokalmiljøet sjølv får ein eigarskap til desse stadane.

– Det er mykje større sjanse for at desse plassane blir brukte og ting får stå i fred viss nærmiljøet kjenner ein eigarskap til det, seier ho.

Ho håpar difor at gode hjelparar i nærmiljøet vil hjelpa 4H og lokale eldsjeler med å ta vare på dei populære «ballbingane» i naturen. (©NPK)

Til toppen