MODELL: Arkitekt Håkon Matre Aaserød i arkitektfirmaet Vardehaugen har teikna utsynspunktet som kjem på toppen av Vettisfossen, dersom finansiering og formalitetar kjem i orden. Her står han med ein modell av bygningen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
MODELL: Arkitekt Håkon Matre Aaserød i arkitektfirmaet Vardehaugen har teikna utsynspunktet som kjem på toppen av Vettisfossen, dersom finansiering og formalitetar kjem i orden. Her står han med ein modell av bygningen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Bålplass, minimuseum og svalgang på toppen av Vettisfossen

Det vil utsynspunktet som skal koma på toppen bestå av, om alt går i orden.

Årdal: – Utsynspunktet som ligg der i dag er svært enkelt, men har ei fantastisk plassering, seier arkitekt Håkon Matre Aaserød.

Difor har han, på oppdrag frå Årdal Utvikling, designa eit vesentleg meir spektakulært utsynspunkt; utan at det skal vera for prangande.

– Det har gått litt inflasjon i dette med utsynspunkt. Nokre av dei som kjem opp er meir spektakulære enn attraksjonen i seg sjølv, held han fram.

Artikkelen held fram under biletet

PLASSERING: Utsynspunktet er tenkt plassert om lag der dagens ligg; på denne modellen nærast ser ein både tenkt plassering og reell dimensjon i høve omgjevnader.
PLASSERING: Utsynspunktet er tenkt plassert om lag der dagens ligg; på denne modellen nærast ser ein både tenkt plassering og reell dimensjon i høve omgjevnader.

Lafta

Planane om eit utsynspunkt beståande av eit sirkelforma bygg som er tenkt plassert heilt utpå kanten ved Vettisfossen, om lag der dagens utsynspunkt ligg, vart presentert på eit miniseminar i regi av Årdal Utvikling tysdag kveld.

Tanken er altså ein sirkulær svalgang, halvannan meter brei og rundt 2,20 - 2,30 meter høg. I tillegg til at folk kan gå heilt utpå kanten og få dramatisk utsyn over Vettisfossen, skal byggverket også innehalda eit lite museum der historia til slikt som Storen og sjølvsagt Vettisfossen sjølv blir fortalt med bilete, tekst og kanskje lyd.

Les også: Skal stoppa turistar ved å skapa liv på torget

I midten av sirkelen skal det liggja ein bålplass slik at folk kan setja seg ned og fyra opp bål samstundes som dei nyt utsynet.

Verket er tenkt bygd i lafta tre.

– Vettislaft, kallar me det. Ein støyper eit fundament og laftar seg oppover. Lafting og lafteknutar handlar om tradisjon, seir Matre Aaserød.

Artikkelen held fram under biletet

​LAFTA: Modell av faseden med laft og lafteknutar.
​LAFTA: Modell av faseden med laft og lafteknutar.

Kan byggjast neste år, om alt går i orden

Og utsynspunktet er berre nokre løyver og pengar unna, fortel dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg.

– Me kjem til å jobba med søknadsprosessar og å få finansiering på plass no i 2017. Om det går i orden, kan bygginga starta i 2018.

Tanken er eit spleiselag av kommunale og statlege midlar, og sponsorar frå næringslivet. Kor mykje dette vil kosta er førebels uklart.

– Men det er fullt realiserbart, noko som har vore poenget når me har jobba med reiselivsstrategien for Årdal; det skal ikkje munna ut i planar som er så spenstige at dei ikkje blir noko av.

Kristoffer Nystedt, som driv Svalheim gard i Utladalen, lever altså av turistane hit. Han likte det han såg:

– Eg håpar dette blir realisert. Det kan forsterka inntrykket av Vettisfossen, noko som i neste omgang kan føra til at fleire finn vegen hit. Det er viktig å spela på Vettisfossen; det er den folk først og fremst reiser inn for å sjå.

Til toppen