– Vi synest det er bra at styresmaktene har vidareført bålforbodet mellom 15. april og 15. september, seier administrerande direktør Dagfinn Kalheim i Norsk brannvernforening i ei pressemelding.
Dei nye reglane i «Forskrift om brannførebygging» presiserer blant anna at bålforbodet no gjeld i all utmark.
Kommunane kan bestemme
Kommunane kan gjennom lokal forskrift fråvike bålforbodet, dersom lokale forhold tilseier det.
Ved spesielt stor brannfare kan kommunane innføre forbod mot å gjere opp eld i bestemte område også utanfor tidsrommet 15. april – 15. september. Det er derimot tillatt å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann.
Fare for brann
Medan det i Nord-Noreg framleis er vinterlege forhold med snø mange stader, er vegetasjonen i ferd med å tørke opp etter vinteren i Sør-Noreg.
– Det skal ikkje så mange dagar med tørt og varmt vêr til, før faren for gras- og lyngbrannar vil auke betydeleg i delar av Sør-Noreg. Når gammalt gras og kvist som ligg på bakken, tørkar opp, kan sjølv ei lita glo starte ein brann, understrekar Kalheim.
Han påpeiker at det «å gjere opp eld» omfattar meir enn bålbrenning. Det omfattar for eksempel bruk av eingongsgrillar og andre bål- og peisinnretningar. Oppsending av såkalla skylanterner og handtering av brannfarleg avfall er også omfatta av omgrepet.