ROCKA TRIO: Bokassa består av trioen Jørn Kaarstad på vokal og gitar, Bård Linga på bass og Olav Dowkes på trommer.
ROCKA TRIO: Bokassa består av trioen Jørn Kaarstad på vokal og gitar, Bård Linga på bass og Olav Dowkes på trommer. (Erlend Laanke Solbu)

Bandet årdølen spelar i blir hylla av Metallica-trommis

– Det er heilt sjukt. Eg veit ikkje kva eg skal seia, heilt rått, seier Bård Linga, om å bli rosa i skyene av ein av rockens verkelege legender.

Trondheim/Årdal: Linga er oppvaksen i Årdal, men spelar for tida i det trondheimbaserte bandet Bokassa.

Deira første fullengdar, Divide & Conquer, kom ut i fjor, men har først nyleg fått merksemd frå ingen andre enn Mettalica-trommis Lars Ulrich. På eit radioprogrammet han leiar skryt han uhemma av debutskiva til punkbandet. 

– Dette er min favoritt blant nye band. Dei er utruleg kule. Eg har høyrt nesten heile det nye albumet og alle sangane er på eit eige nivå, sa Ulrich, minus eit par banneord, i ei av sendingane for eit par dagar sidan.

Høyr Ulrich leita etter superlativa når han omtalar bandet på radio her:

Starta karriera på musikkskulen i Årdal

Sjølv om årdølen er i lettare gledesrus over skryten no, seier han det tok litt tid for hjernen å oppfatta kva øyrene hadde høyrt første gongen.

– Akkurat då reagerte eg ikkje så mykje, det tok nokre dagar å ta det innover seg. Det går utanpå kva eg nokosinne hadde venta, seier bassisten.

Han trur det betyr mykje når ein slik legende skryt uhemma av bandet deira.

– Allereie no so har det gått rett i skyene på Spotify og på sosiale media. Så håpar me at me blir booka til litt ekstra festivalar og konsertar på grunn av dette, seier Linga.

LA GRUNNLAGET: Han flytta tidleg, men det var på kulturskulen i Årdal han tok sine første steg i musikklivet. Foto: Aleksander Eilertsen

Han flytta frå Årdal som 16-åring for å byrja på musikklinja på Sandane. Men det var på kulturskulen i heimbygda at karriera starta, først med pianotimar, deretter spelte han gitar i eit band.

– Eg trur det la mykje av grunnlaget, seier Linga.

Kjenner på presset før oppfølgaren

No er han midt i 20-åra og nyt livet som fersk rockestjerne. I tillegg til Ulrich-ros, har bandet fått drahjelp gjennom stort sett strålande platemeldingar frå musikkpressa.

– Me er klare til å satsa så langt me klarer, berre køyra på og sjå kor langt det rekk, seier 25-åringen om framtidsplanane.

Han seier dei er ferdig med låtane til album nummer to og forventar at dei går i studio om ikkje lenge.

– Det er litt skummelt no når me har fått så mykje skryt for det første. Men me har tru på musikken og håpar folk kjem til å lika det like godt, seier Linga.

Til toppen