TOPPAR PROGRAMMET: Lemaitre er klare for Fres festival. Pressefoto
TOPPAR PROGRAMMET: Lemaitre er klare for Fres festival. Pressefoto

Bandlista til Fres Festival er komplett

Fres Festival toppar programmet med Lemaitre - og slepp i same slengen eit stort kobbel band: Hajk, Ungdomskulen, Junk Machine, Misty Coast, Knekklectric, Teddy Touch og Girson.

Fresvik: «Duoen Lemaitre har sidan oppstarten i 2010 hatt ein stadig opptur.

Forutan å toppe iTunes Electronic Chart, så har dei over ein million følgjarar både på Soundcloud og Spotify. I fjor var også Lemaitre eit av trekkplastra på kanskje verdas mest omtalte festival, Coachella», går det fram av ei pressemelding.

– Fres Festival har lenge hatt tradisjon for å booke elektronisk musikk, men i år er første gong vi går all in og smeller ein elektronisk act heilt på toppen av plakaten, seier Gunnar Husabø i festivalleiinga.

– Vi veit at Fresvik-naturen og fjella rundt kjem å verte det mest dramatiske klubblokalet syd for nordpolen, så her er det nok berre å jazze seg opp til tidenes mest dansbare konsertoppleving!

Poppete progrock og kule DJs

Frå før er solide namn som Odd Nordstoga, Spidergawd og Stein Torleif Bjella bekrefta, og ei rekke norske er band blir no annonsert.

«Bergenstrioen Ungdomskulen – med djupe røter i Eikefjorden – tek turen med sin hardtslåande discorock. Ungdomskulen, som er kjende for sine medrivande livekonsertar, er for tida i studio og jobbar med ny fullengdar.

Turen tek óg Hajk, som i vinter slapp sitt sjølvtitulerte debutalbum til strålande krititkkar frå hovudstadspressa. Misty Coast er ein duo – som opptrer i trioformat – som spring ut frå bråkerockarane i The Megaphonic Thrift, og Junk Machine er eit spaca rockeband som dei siste åra har lurka rundt i den bergenske undergrunnen før dei slapp debutplata si “Inner child labour” i 2016.

Ikkje minst kjem det poppete progrockbandet Knekklectric med sine alt for mange melodiar direkte inn frå Ålesund for å terge øyregangane med heilfrekke proglåtar frå sine siste to plater.

Og heilt på tampen fyller vi som alltid rikeleg på med kule DJs til å runde av kvar kveld med ei heidundrande klubbshows - Skatebård er allreie booka, og i dag er det klart at Fres sitt eige hus-DJ team er tilbake: Teddy Touch og Girson. På med dansestøvlane», står det vidare i pressemeldinga.

Fres Festival 2017 er dermed komplett, og plakaten blir slik:

  • Lemaitre
  • Odd Nordstoga
  • Stein Torleif Bjella
  • Spidergawd
  • The Switch
  • Hajk
  • Ungdomskulen
  • Västerbron
  • El Doom & The Born Electric
  • Skatebård
  • The Generous Days
  • Slegest
  • Misty Coast
  • Junk Machine
  • Knekklectric
  • Teddy Touch
  • Girson
Til toppen