BANKA PÅ DØRER: Ni polske menn vart laurdag vist vekk av politiet. Illustrasjonsfoto
BANKA PÅ DØRER: Ni polske menn vart laurdag vist vekk av politiet. Illustrasjonsfoto

Banka og tigga på dørene

Politiet fekk fredag meldingar om personar som banka og tigga dører i Årdal.  

Personane var til dels aggressive og ved hjelp av publikum fekk politiet stoppa og kontrollert ni polske menn.

To av dei opptredde som døvstumme, men ved eit mirakel kunne dei snakke då dei reiste frå Årdal lensmannskontor, melde politiet på Twitter laurdag kveld. 

Til Sogn Avis, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen, at personane hadde fordelt seg rundt i bygda, for å selje gjenstandar til livets opphald. 

Alle personane vart vist vekk. 

 

Til toppen