URO: Ungdommar banka på campingvogner og bubilar i Lærdal.
URO: Ungdommar banka på campingvogner og bubilar i Lærdal. (Bilde: arkiv)

Banka på campingvogner

Slik var helga i Indre Sogn

I Lærdal fekk politiet like over midnatt melding om skremmande adferd på ein campingplass. Då politiet rykka ut synte det seg å vera berusa ungdom. 

Bengt Næss ved operasjonssentralen seier til Porten.no at det var ungdommar som banka på campingvogner og bubilar, og at folk vakna av dette. Gjerningsmennene skal vera lokale ungdommar som er fødd på 90-talet.   

I Årdal  fekk politiet melding klokka 01:45 om amper stemning utanfor ein serveringsstad i sentrum. Situasjonen hadde løyst seg då politiet kom på staden. 

Næss ved operasjonssentralen seier at det var ein person som hadde sovna inne på ein utestad og fekk hjelp til å komma seg ut att.  

I Sogndal var det like over midnatt klaga på støy frå berusa ungdommar i sentrum. Bråket hadde roa seg då politiet ankom staden. 

Seinare på natta fekk politiet melding om høglytt krangel mellom ein gut og ei jente utanfor ein serveringsstad. Det skal ha vore ampert, men stemninga vart god etterpå. 

Til toppen