Sogn: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gir 400 000 kroner til innkjøp av nettbrett på alle aldersheimar og eldresenter i Sogn og Fjordane, skriv Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.
– Det blir lange dagar for bebuarane når dei ikkje får ta i mot besøk. Å sjå kvarandre gjennom skjermen, trur vi vil vere eit lysglimt i kvardagen for dei eldre. No får dei moglegheita til å sjå barn, barnebarn og kanskje oldebarn, og det blir noko anna enn å skulle snakke på telefon, sa administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.
Mange alders- og sjukeheimar har innført isoleringstiltak på grunn av korona, noko som betyr at bebuarane ikkje får ta i mot besøk av familiane sine.
Først ute var sjukeheimen i Høyanger der dei tilsette tok initiativ til å kjøpe inn iPad'ar slik at bebuarane framleis kan få sjå og høyre familien sin. No får alle aldersheimar i heile Sogn og Fjordane same tilbodet, står det i pressemeldinga.
Kan vera positivt i det lange løp
Initiativtakar i banken er Ole Aukland, banksjef i Florø, Bremanger og Måløy. Han meiner dette er eit enkelt tiltak for å spreie litt glede, og trur barna har stor glede av å halde kontakten med besteforelda i denne tida.
– Det er rare dagar med heimeskule og lite kontakt med venner. Då er det viktig å kople barnebarn og besteforeldre saman, seier Aukland.
Han trur tiltaket er positivt også i det lange løp, fordi dei trur at det vil stimulere til hyppigare kontakt mellom eldre og yngre, når til dømes barn og barnebarn bur andre stader i Norge, medan besteforeldregenerasjonen bur på omsorgsbustad i Sogn og Fjordane.