KUTTAR KONTOR: Sparebanken Sogn og Fjordane har redusert tal kontor med ni. Mellom anna ryk kontoret i Leikanger og Balestrand, medan kontora i Årdal og Sogndal vert vidareført. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane/Truls Grane Sylvarnes. 
KUTTAR KONTOR: Sparebanken Sogn og Fjordane har redusert tal kontor med ni. Mellom anna ryk kontoret i Leikanger og Balestrand, medan kontora i Årdal og Sogndal vert vidareført. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane/Truls Grane Sylvarnes. 

Banken legg ikkje ned kontora i Årdal og Sogndal

Men Sparebanken Sogn og Fjordane legg ned kontora i Balestrand og Leikanger.

Årdal/Sogndal: Det betyr at både kontora i Årdal og Sogndal vert vidareført. Det melder banken i ei pressemelding tysdag kveld. 

I tillegg til Leikanger og Balestrand, er det kontora i Askvoll, Leirvik, Hornindal, Sande, Naustdal, Skei og Svelgen som vert lagt ned i løpet av første halvår 2017.

Sparebanken Sogn og Fjordane vil med 13 kontor framleis vere den banken med flest kontor og flest tilsette i fylket. Banken er i tillegg til stades med 23 bank i butikk. 

Det er endringar i kundeåtferd som er årsaka til reduksjonen. Kundar flest brukar ikkje brukar kontora i like stor grad lenger, men heller bank på mobil og på nett.

Men sjølv om det vert kutt i tal kontor, er det ingen som vert oppsagte.

23 tilsette vert påverka av endringa. Dei vil halde fram i stillingane sine frå eitt av dei andre kontora, og kundane vil kunne ha den same kontaktpersonen som før. Tillitsvalde og lokale leiarar har vore involvert gjennom heile prosessen, opplyser Sparebanken Sogn og Fjordane i pressemeldinga.

Kontora i Førde, Florø, Dale, Hauge i Bremanger, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Stryn, Hardbakke, Eivindvik, Høyanger, Sogndal, Årdal og Bergen vert vidareført.

Til toppen