Barna vert vaktarar av naturen

– 30 prosent av Årdal kommune er verna område, og dette ønskjer og håpar me at elevane skal kjenne til. 

Skåri: Det fortel Rigmor Solem i Statens naturoppsyn. Torsdag hadde ho 7. klasse ved Farnes skule i Øvre Årdal på besøk framme i Skåri. 

Elevane har mellom anna jobba med verneområde, sett på saueproblematikken og lært om jerv på skulen. Denne dagen fekk dei eit nærare møte med naturen i det som har fått namnet «Barnas naturoppsyn». 

Sjå fleire bilete i galleriet øvst i artikkelen. 

– Her har det vore tre ulike stasjonar som elevane har vore innom med natursti og spørsmål jerv. Dei har fått sett ein død jerv og høyrt om problematikken med at jerv drep sau og korleis ein då skal forvalte jerven med uttak, fortel lærar Elin Fredheim. 

RESSURS: Rigmor Solem håpar ungane vert ein ressurs for kommunen med alt dei har lært.
RESSURS: Rigmor Solem håpar ungane vert ein ressurs for kommunen med alt dei har lært.

Ein ressurs for kommunen

Dette er tredje året at Barnas naturoppsyn vert arrangert i Årdal. I fjor var det Tangen skule som deltok, og sidan det betyr at årets 6. klassingar ved Farnes ikkje får delta, skal elevane i 7. klasse fortelje desse kva dei har lært.

– Denne glupe ideen var det ein kollega av meg i Langsua nasjonalpark. Viss alle ungar er med på dette framover, så vil jo alle som veks opp i Årdal og Luster kjenne til verneområda sine og dei ulike artane som lever her og i naturen rundt, seier Solem.

– Barnas naturoppsyn skal vera ein ressurs for oss i Statens naturoppsyn, men samstundes vera ressurs for heile kommunen.

Lære mest mogleg om verneområda

Målet er altså at elevane skal få best mogleg kjennskap til den fantastiske naturen som omgir innbyggjarane i Årdal frå høgt til lågt. 

– Me håpar og ønskjer at dei skal vite om at det er ein nasjonalpark, eit landskapsverneområde og eit reservat her. Over 30 prosent av kommunen er verna område, så me har alle tre vernekategoriane her. 

– Me håpar også at dei forstår kva det inneberer at eit område er verna og kva slags inngrep som truar desse naturområda og artane som lever der. 

Til toppen