KLEDDE SEG UT: Mange av ungane som måtte opp på Årdalssenteret hadde kledd seg ut.
KLEDDE SEG UT: Mange av ungane som måtte opp på Årdalssenteret hadde kledd seg ut.

Barnas dag på Årdalsenteret - sjå bilete

Å vera med foreldra på handletur er ikkje alltid like gøy. Med mindre du kan få ansiktsmaling og leita etter Halloween-bøtter.

KLEDDE SEG UT: Mange av ungane som måtte opp på Årdalssenteret hadde kledd seg ut.
SKIKKELEG PYNT: Årdalssenteret var pynta med spindelvev, edderkoppar, flaggermus og gresskar.
ALLTID POPULÆRT: Det vart lange køar for å få ansiktsmaling.
TRAVEL DAG: Barnas dag er alltid populært og trekker til seg mykje folk.

Årdal: – Det har vore travelt og kjekt. Masse ungar som hadde kledd seg ut. Det var det me håpte på, seier Anna Margreta Rønning Vallestad ein av to leiarar på Årdalsenteret.

Dei brukar å ha barnas dag to gongar i året. I år var temaet Halloween.

Fredag brukte Rønning Vallestad store delar av kvelden til å pynta med flaggermus, edderkoppar, gresskar, blodsøl, masker, svarte, oransje og kvite dekorasjonar.

– Eg håpar at det gjer det litt kjekkare å koma, at det blir ein ekstra oppleving for ungane. Det er ikkje til å legga skjul på at det er mange ungar som tykkjer det er kjedeleg å vera med foreldra på kjøpesenter, seier Rønning Vallestad.

På senteret fekk ungane driva med teikning og fargelegging, dei som ønskte fekk ansiktsmaling, eller dei kunne ta bilete av seg sjølv ved selfieveggen.

Høgdepunktet var nok likevel jakten på Halloween-bøtta.

– Bøtta var gøymt ein eller annan plass på Nille. Ho var fylt med godteri, og då er jo ungane der med ein gong, seier Rønning Vallestad.

Til toppen