(Bilde: Privat)
(Bilde: Privat)
(Bilde: Privat)
(Bilde: Privat)
(Bilde: Privat)
(Bilde: Privat)
(Bilde: Privat)
(Bilde:  Gabor Igari)

Barnas Turlag på overnattingstur i Avdalen

– Me gler oss allereie til neste tur dit.

Avdalen: Natt til laurdag arrangerte Barnas Turlag i Årdal den årlege overnattingsturen til Avdalen i Utladalen.

Dette er eit populært tilbod, og i år var det 25 personar med. Brage på snart 7 år er ikkje i tvil om kva han like best med turen.

Sjå bilete frå turen i galleriet øvst i artikkelen.

– Me har hoppa på madrassene i låven, grilla pølser og leika tjuv og politi. Det var særskilt gøy å leike gøymsel etter det var blitt mørkt. Då måtte me bruke lommelykt for å finne kvarandre, seier han.

– Idyllisk

Årdal Turlag sponsar arrangementet i Avdalen, og difor var det gratis for deltakarane å delta. 

På denne turen deltok ungar i alderen 3–10 år, fortel Sandra Opheim.

– Vertskapet i Avdalen er fantastisk og laga herlig frukost til oss i dag tidleg. Avdalen er ein idyllisk plass og ein veldig fin tur for små og store. Me gler oss allereie til neste tur dit.

Til toppen