GLER SEG: Runar Høl (f.v), Silje Larsen, Aina Juvik Eldegard og Håvard Telle i førsteklasse på service og samferdsel ved Årdal vidaregåande skule gjer seg klare for å arrangere diskotek for 4. til 7. klassingar ved grunnskulene i Årdal.  

Barnediskotek og dekkbyte til inntekt for barn i Afrika

– Me håper det kjem mange ungar frå både Øvre Årdal og Årdalstangen, seier Christian Rasmussen spent. Torsdag ettermiddag arrangerer service og samferdel barnediskotek på Årdal vidaregåande skule.

Elevar ved Årdal vidaregåande skule er i gang med ulike elevprosjekt i sosialt entreprenørskap denne veka, for å samla inn pengar til ein barneskule i Sør-Afrika. I første omgang skal dei samla inn pengar til ein brønn, då det er mangel på reint vatn på barneskulen Khanyandadumo School.

Diskotek, leik og moro for barn

Då Porten.no var innom er det er få timar til diskoteket startar klokka 17. Musikken er testa, kiosken er klar, ballongane er på veg opp på veggane i kantina og det ser ut til at elevane i førsteklasse ved service og samferdsel har full kontroll. Dei har planlagt arrangementet i to veker, medan overskotet skal gå til skulen i Sør-Afrika. 

HÅPAR MANGE KJEM: Christian Rasmussen, klasserepresentant for service og samferdle i komiteen for det internasjonale arbeidet.
HÅPAR MANGE KJEM: Christian Rasmussen, klasserepresentant for service og samferdle i komiteen for det internasjonale arbeidet.

Christian Rasmussen, som er klasserepresentant for service og samferdle i komiteen for det internasjonale arbeidet, fortel det har vore artig og spennande å jobbe med prosjektet. Han var ei stund redd for at dei ikkje ville få det til, men er no trygg på å koma vel i land. Det blir sal av drikke og snaks, lokale versksemder har sponsa premiar å vinna, det blir leik og sjølvsagt dansing.  

– Korleis er det å samla inn pengar til barn i Afrika?

– Me er med å gi dei ein sjanse og moglegheiter for eit betre liv. Det kjennast godt, seier han. 

KONTROLL PÅ MUSIKKEN: Jonas Styve (f.v) og Stefan Jimenez har klar både pop og dansemusikk som ungar likar. Då høyrer sjølvsagt One Direction, Justin Bieber og DJ Broiler med på spelelista.
KONTROLL PÅ MUSIKKEN: Jonas Styve (f.v) og Stefan Jimenez har klar både pop og dansemusikk som ungar likar. Då høyrer sjølvsagt One Direction, Justin Bieber og DJ Broiler med på spelelista.

Både for Øvre og Tangen

Runar Høl, Håvard Telle, Silje Larsen og Aina Juvik Eldegard er i gang med å få på plass dei siste ballongane. Dei gler seg og trur kvelden blir kjekk. Men som alltid når ein byr inn til fest, ligg det spenning i om det faktisk dukkar opp nokon.

– Eg håpar det kjem mange ungar både frå Øvre Årdal og frå Årdalstangen. No har dei sjansen til å bli betre kjent, seier Håvard. 

– Ja, me vil ikkje ha eit skilje mellom Øvre og Tangen, slik det var då me vaks opp, seier Aina.

Vask og dekkskift

I ein annan ende av skulen held 15 elevar ved førsteklasse i teknikk og industriell produksjon også på med innsamling til barnskulen i Sør-Afrika. På tredje dagen vaskar og byter dei dekk, i tillegg til å vaske bilar.

SOMMARDEKK: Viktor Nykvist, i førsteklasse ved teknikk og industriell produksjon, er i gang med å byte frå vinterdekk til sommardekk.
SOMMARDEKK: Viktor Nykvist, i førsteklasse ved teknikk og industriell produksjon, er i gang med å byte frå vinterdekk til sommardekk.

Ole Kristian Håheim, som er prosjektleiar for klassen, fortel det har vore hektiske dagar der ting har gått fort føre seg. Dei har hatt kring 25 bilar innom og sanka inn 6.000 kroner så langt. 

– Dette er jo eit nytt prosjekt på skulen. Me er motiverte for å jobbe når det går til ei så god sak. Me blir kanskje sett på som den litt "ròtne" klassen, så det ligg prestisje i å syne dei andre klassane kva me klarar å samla inn. Me ligg godt an så langt, seier han lurt. 

Men ikkje alle elevane frå klassen er med på denne aktiviteten, nokre sel lodd på butikkar i bygda. Premiane er sponsa av lokale verksemder og overskotet går til barneskulen i Sør-Afrika. 

MOTIVERT FOR INNSAMLINGA: Ole Kristian Håheim fortel at sjølv om nokre uffa seg i starten, har elevane teke meir initiativ etter kvart. – Me gjer jo dette for folk i Afrika. Når me ser sluttresultatet for dagane, kjennast det godt, seier han. 

Eit eige hjelpeprosjekt for elevane

I slutten av januar skreiv Porten.no om  Synne Lerum Fredheim, elevrådsleiar, og Monica Vigdal, lærar og fagkoordinator for samfunnsfag. I vinterferien besøkte  dei Barnehjelp Afrika, ein hjelpeorganisasjon som er stifta av psykolog Per Steinar Melås, i Eshowe, nord for Durban i Sør-Afrika. Våren skulle Fredheim og Vigdal bruka for å motivera elevar og å organisera prosjektet ved Årdal vgs. 

Les også: Snuser på å byggje skule i Afrika

No har komiteen for det internasjonale arbeidet ved Årdal vgs landa på å samla inn pengar som skal mellom anna gå til leikeapparat, kjøken, sanitæranlegg og kanskje uniformar, men først til reint vatn på barneskulen Khanyandadumo School.

Komiteen består av rektor, to lærarar og åtte elevrepresentantar. Dei har til no hatt to møte, der det siste var ein idédugnad for å få inn forslag til kva å gjere for å samla inn pengar til hausten. 

ELEVPROSJEKT: Jasmin Eminovic, i komiteen og kontaktlærar ved andreklasse studiespesialiserande, fortel dette er eit prosjekt som er drive av elevane.
ELEVPROSJEKT: Jasmin Eminovic, i komiteen og kontaktlærar ved andreklasse studiespesialiserande, fortel dette er eit prosjekt som er drive av elevane.

– Me ville gå eigne vegar med eit reint elevprosjekt og har heilt gått bort i frå Operasjon Dagsverk, slik at elevane skal få eit større engasjement i internasjonalt arbeid. Det er elevane som skal drifte og dra hjelpeprosjektet, mens lærarane skal støtte opp om elevane, fortel Jasmin Eminovic, som er med i komiteen og kontaktlærar for andreklasse studiespesialiserande. 

Han fortel at utover våren skal også andre klassar ha ulike prosjekt for å samle inn pengar. Målet for våren 2015 er å samla inn 40.000 kroner. 

På neste tur til Sør-Afrika skal to elevar og ein lærar reise. Det er ei gulerot, så heile skulen får sjå produktet av det elevane jobbar for. 

– Me har oppretta ein konto for pengane og prosjektet tek til å få bein å stå på. No håper me bygdefolket støttar opp om solidaritetsprosjektet til elevane ved Årdal vgs, seier han. 

Til toppen