FLEIRE: Mange barnehagar i nynorsk kommunar og språkdelte kommunar seier dei ønskjer seg fleire bøker på nynorsk.  (Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix / NPK. Biletet er modellklarert)

Barnehagar kjøper meir nynorske barnebøker

Fire av ti barnehagar i nynorskkommunar og språkdelte kommunar kjøper inn fleire nynorske bøker enn før, viser undersøking. 

Til samanlikning er det berre 2,5 prosent av barnehagane som seier at dei kjøper inn fleire bøker på bokmål enn før, skriv kulturavisa Pirion

Det er noko av det som kjem fram i barnehageundersøkinga Pirion har gjort saman med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. 

I undersøkinga kjem det elles fram at under 15 prosent av barnebøkene til fire av ti barnehagar er på nynorsk. Samtidig er det like mange barnehagar som har 15–30 prosent nynorske barnebøker. 

Mange saknar likevel fleire bøker på nynorsk. Dei fleste meiner at fleire nynorske barnebøker og auka bevisstgjering er det som må til for at dei skal bruka meir nynorske bøker. 

Opplysningane byggjer på svar frå 256 barnehagar. Undersøkinga gjekk til 729 barnehagar i nynorskkommunar og språkdelte kommunar.

Til toppen