Barnehagen er den eldste i Sogn – no fyller dei femti år

Ve barnehage er truleg fylkets nest eldste. Tysdag feira dei sine femti år, og til stades var ei av damene som jobba i barnehagen då den opna i 1967. 

Årdal: – I dag er det akkurat femti år sidan eg starta i barnehagen her. Me var tilsett frå den femtende januar,  men det meiner eg var i helga, så me starta på jobb den syttande, seier Signe Lerum.

Ho var på plass som heidersgjest då Ve barnehage markerte at dei fyller femti år no midt i januar 2017. Ordføraren og rådmannen hadde også teke turen, og Arild Ingar Lægreid fortalde i sin tale at barnehagen vart vedteken oppstarta i eit møte 10.august 1966.

– Så det gjekk kjapt den gongen, sa han.

Til stades var også foreldre, og sjølvsagt hovudpersonane sjølve; borna som i dag går i Ve barnehage. Flott barnesong med tilhøyrande trekkspel- og gitartonar vart avløyst av kakeeting – for personalet hadde laga ei enorm sjokoladekake som dei frammøtte ikkje var seine med å forsyna seg av.

Måtte ha dagmamma i tillegg

I dag er det vel førti born og tretten tilsette i Ve barnehage. Kapasiteten er 61 born.

I 1967 var det tjue born og to tilsette. Ei av dei altså Signe Lerum.

– Dette med barnehage var jo framandt. Husmorslaget hadde starta opp arbeidsstover der dei tok seg av born, men dette var den første kommunale barnehagen.

– Kva tenkjer du om at det framleis er eit yrande liv her i barnehagen du jobba i for femti år sidan?

– Du veit, det tykkjer eg er fint. Og den har jo vorte utvida mange gonger etterpå.

Artikkelen held fram under biletet

TILBAKE: Signe Lerum var heidersgjest under markeringa, og tilbake i barnehagen ho starta å jobba i for akkurat femti år sidan.
TILBAKE: Signe Lerum var heidersgjest under markeringa, og tilbake i barnehagen ho starta å jobba i for akkurat femti år sidan.

Då barnehagen starta opp i 1967 heldt den open i fire timar på kvardagane, frå klokka halv ti til halv to. Såleis kunne ein ikkje basera seg på at borna var i barnehagen medan begge foreldra var i full jobb 

– På den tida heldt ein barnehage for ungane sin del – dei fleste mødre var heimeverande. I dei dagar hadde mødrene tid til å stå i porten og preika litt, veit du, humrar Lerum.

I ei yrkesgruppe gjorde hadde likevel kvinnene gjort sitt inntog; lærarane.

– Mange meinte barnehagar berre var for lærarar, men med dei opningstidene måtte dei uansett ha dagmamma i tillegg. Så det var ein start, og i ettertid har tilbodet stadig vorte utvida, seier Lerum.

Framsynt

Uansett må ein kunne seia at det var framsynt og nærast noko pionèraktig over å starta ein barnehage i 1967.

For, i følgje noko usikker barnehagestatistikk, er dette den nest eldste barnehagen i Sogn og Fjordane - den einaste kommunen som starta opp barnehage før Årdal var Måløy.

Det var først godt utpå 70-talet at barnehagar byrja å bli meir vanleg. I 1970 var 2,8 prosent av alle norske born i barnehage. Fem år etter, i 1975, kom ei eiga barnehagelov etter mange års kvinnekamp med barnehagelærarar og mødre i spissen. Då skulle barnehage bli noko for alle born.

Slik vart det også, etter kvart - no er tilnærma alle born i barnehage, 98 prosent i følgje barnehage.no.

Jobba i barnehage i 35 år: – Ein kjempefin arbeidsplass

Signe Lerum fortel dei dreiv med mykje det same i barnahagane på slutten av 60-talet som dei driv med no.

– Me hadde mykje leiker. Det var song og lesing, me åt mat, og så var det ut.

– Var pågangen stor for å få plass til borna i barnehagen?

– Det var nok dei som ikkje fekk plass, men ein hadde ikkje på langt nær det presset som er i dag. Så måtte jo altså uansett familiar der mødrene var i jobb ha dagmamma i tillegg.

Lerum hadde vore praktikant i ein barnehage i Oslo før ho byrja å jobba i Ve barnehage. I 1971 opna barnehagen på Farnes – då byrja ho å jobba der, ei stilling ho stod i heile sin yrkesaktive karriere, til i 2002.

– Så eg har jobba i barnehage i 35 år. Det har vore ein kjempefin arbeidsplass.

Heildagsbarnehage frå 1989

Barnehagen som no fyller femti år ligg mellom blokkene på Vee i Øvre Årdal.  Kommunen kjøpte i si tid bygget av burettslaget i området. Bygget hadde fungert som kontor og som kantine for dei som bygde blokkene, men var eigentleg bygd med tanke på barnehagedrift.

Heildagsbarnehagen kom først i 1989 og det vart større krav til lokale. Born og personale hadde behov for betre plass til leik, personalrom og kontor. Det vart ombygging og utviding. Hausten 1998 vedtok kommunestyret å riva lokala til Ve barnehage, og byggja heilt ny barnehage på same tomta.

Våren 1999 heldt drifta fram i «mellombels barnehage» i hus som kommunen eigde eller leigde. Ve barnehagen sto fram i ny drakt  23. september 1999. Tre avdelingar, eit stort fellesrom, eigen personalavdeling.

– Det var ei omvelting for liten og stor, seier styrar i Ve barnehage, Ine Hillestad Aannevik.

Først reduksjon, så utviding

Hausten 2015 hadde behovet for barnehageplassar vorte mindre i bygda enn tidlegare. Denne hausten var det redusert med ein vaksen og seks plassar.  Men kommunestyret gjekk inn for å utvida att i januar 2016, trass i at alle med rett til plass og hadde søkt ved hovudopptak, hadde fått det.

Kommunestyret bevilga ressursar til fleire barnehageplassar, og Ve barnehage utvida fyrst med seks plassar, sidan med seks plassar til frå hausten 2016. Det vart tilsett ein ekstra assistent, og sidan ein ekstra pedagog.

– I dei dryge tre åra det var asylmottak i bygda hadde barnehagen fleire asylborn. Venskap vart etabelert. Ungane kom og reiste. Me har lært mykje om andre kulturar, språk og oss sjølve, seier Hillestad Aannevik. 

Til toppen