I RUTE: Her skal Fosshagen barnehage koma. Biletet er frå dei arkeologiske registreringane til fylkeskommunen i april.
I RUTE: Her skal Fosshagen barnehage koma. Biletet er frå dei arkeologiske registreringane til fylkeskommunen i april. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Barnehagen er i rute, men manglar nokre millionar

Kommunen manglar tre til fem millionar kroner før den nye barnehagen er fullt ut finansiert. Rådmannen er likevel optimist.

Sogndal: Torsdag vart detaljreguleringa for Fosshagen barnehage, altså den siste naudsynte planen før bygging, handsama på ny i kommunestyret i Sogndal.

Fylkeskommunen hadde teke til motmæle etter første runde, fordi dei kravde at det vart utført arkeologiske registreringar før planen vart vedteken.

Rådmann Jostein Aanestad kunne i møtet opplysa at fylkeskommunen ikkje lenger har motførestillingar til planen, etter at dei arkeologiske registreringane vart utførte i april. Bygginga kan likevel ikkje starta heilt enno, først skal univeritetsmuseet i Bergen gjera sine utgravingar.

– Me har ikkje fått det stadfesta, men planen er at det skal skje umiddelbart etter sommarferien. Då vil det vera tidsnok til at bygginga kan starta i september eller oktober og barnehagen stå ferdig neste sommar, sa rådmannen.

Treng nokre millionar ekstra 

Fleire av politikarane ønskte å vita korleis det går med samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet. Den nye barnehagen i sentrum skal nemleg verta ein
øvingsarena for studentar i Sogndal, noko som har vekt nasjonal merksemd.

Rådmannen kunne fortelja at samarbeidet er godt, men at Høgskulen har meldt frå om at dei treng eit par kvadratmeter ekstra for at bygget skal kunne fylla rolla som ein utdanningsbarnehage.

– Det er ei utfordring, for det er areal som akkurat no ikkje er finansiert. Det er snakk om tre til fem millionar kroner ekstra. Me håpar og trur at me skal få dekka det, sa rådmannen, som lova å ta saka tilbake til politikarane om det ikkje skulle gå.

Til toppen