TRAGISK: Styrar Gunnhild Holen i Stedje barnehage tykkjer det er trist at Sogndal har mista eitt av sine mest staselege bygg. Barnehagen hadde ei av fire avdelingar i det nær hundre år gamle Stedjetunet, som no er totalskada etter brannen søndag.
TRAGISK: Styrar Gunnhild Holen i Stedje barnehage tykkjer det er trist at Sogndal har mista eitt av sine mest staselege bygg. Barnehagen hadde ei av fire avdelingar i det nær hundre år gamle Stedjetunet, som no er totalskada etter brannen søndag. ( Halvor Farsund Storvik)

Barnehagestyraren: – Det er ei katastrofe at bygget har brent ned

Ikkje berre mista femten ungarbarnehageavdelinga si i brannen søndag. Dei tilsette og ei heil bygd har tapt eit hus mange hadde eit kjært forhold til.

Sogndal: For ein ting er det praktiske og dei materielle tinga dei har mista, som leiker, kle og møblar. Noko heilt anna er det å innsjå at at eit nær hundre år gamalt kulturminne er vekke, eit hus både dei tilsette og mange i bygda har eit forhold til.

– Det er eit fantastisk flott bygg som har gått med. Dei tinga me har mista kan erstattast, men det er ei katastrofe at det har brent ned, seier Holen.

Usikkert kor lenge dei blir på flyttefot

Ho kasta seg i bilen med det same ho fekk høyra om brannen. Då barnehagestyraren kom fram var brannvesenet allereie på plass og i gang med sløkkejobben. Flammane stod ut av taket på huset.

– Det første eg tenkte på var om fleire bygg kom til å gå tapt, seier  Holen.

Skrekkscenarioet, når det vart avklart at folk ikkje hadde kome til skade, var at dei tre andre avdelingane òg skulle gå med i flammehavet. Den eine låg i ein paviljong kloss attmed det brennande huset og dei to andre i sjølve barnehagebygget femten-tjue meter unna.

Takka vera solid innsats frå brannvesen og Sivilforsvaret gjekk det ikkje fleire hus den natta. Over femti personar var i sving for å hindra at flammane ikkje gjorde større skade.

Dermed er det berre rundt femten ungar, og ikkje nærare sytti, dei treng å finna nye barnehageplassar for.

– Det er eg veldig, veldig glad for, seier Holen.

– Det varmar veldig

Ho fortel at det enno kan gå ei stund får dei får flytta tilbake til paviljongen, sjølv om det er uskadd. Røyken har sett sitt preg og takplater frå det brannskadde huset rett ved utgjer ein stor fare før dei har blitt fjerna.

– No har me løyst dagen i dag, så får må me løysa dagen i morgon og sjå på litt sikt korleis me gjer det, seier Holen.

I morgon vil dei få vita meir om korleis framtida ser ut, når bygget har blitt undersøkt av entreprenørar.

Ho fortel at ungane i dag har vore nysgjerrige på kvifor dei ikkje har blitt levert til sin vande plass. Foreldrene har vore fleksible og mange av dei har på eige initiativ funne alternativ til ungane sine dagen derpå.

– Det har hjelpt oss veldig til å få oversikten og tid til å planlegga ein ny dag i morgon. Foreldrene har vore heilt fantastiske, seier Holen.

Ho fortel at ho har fått mange gode ord etter den triste hendinga og mange har tilbydd seg å hjelpa.

– Det varmar veldig, seier Holen.

Til toppen