Sogndal: – Det er veldig kjekt å sjå at ungane allereie har teke heisen i bruk, seier nestleiar i styret Gunnar Solbakken.
Ventetida er over. No har også dei minste fått sin eigen skibakke i Hodlekve.

– Dette er noko ungane har sakna, å få ei bakke for dei aller ungste. Denne her er tilpassa ungane, fortel han vidare.
Styreleiar Rolf Navarsete fortel at dette er ein del av den totale bygginga over mange år.
– Me har bygd stein for stein og dette er den siste steinen. Forhåpentlegvis skal det stå ferdig eit servicebygg til neste år i området nær barneheisen.
Felleseiga til Sogndølar
Åpninga av heisen bestod av ei tale til Ordførar Jarle Aarvoll og "klipping" av snoret. I talen snakka Aarvoll om at Hodlekve er felleseiga til Sogndølar og Sogningar. Noko Rolf Navarsete satt seg 100% bak.
– Me syns det er kjekt å sjå at andre enn oss er her og nyte dette flotte området. No begynner vi å få ein del andre som byggjer hytter her og det i seg sjølv vil sørgje for at Hodlekve vil fortsette å utvikle seg framover.

Utviklinga vil fortsette
Til opninga møtte orføraren opp i i kle som tydde på at han skulle ta seg ein tur sjølv, men ikkje ned skibakken.
– Eg likar meg godt bortover og i bratte bakkar oppover, men når bakkane er bratte og nedover er det nok andre som stiller langt lenger framme i kø enn meg.
Sjølv om barneheisen står ferdig vil utviklinga i Hodlekve nok aldri ta slutt.
– Me veit ikkje kva som vil skje dei neste ti åra, men me har sett at mykje har skjedd dei ti siste åra. Ein kan ikkje gjere alt på ein gong, men me veit at styret og samarbeidspartanarane jobba hardt og framoverlendt, seier Aarvoll.