SAMARBEID: Rådmann Olve Fossedal har fått søkjarar til stillinga som barnevernsleiar, men dersom ingen av desse er den rette, kan det bli aktuelt å samarbeide med Aurland og Lærdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMARBEID: Rådmann Olve Fossedal har fått søkjarar til stillinga som barnevernsleiar, men dersom ingen av desse er den rette, kan det bli aktuelt å samarbeide med Aurland og Lærdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Barnevernsleiar ei viktig stilling å ha i kommunen

Men dersom ingen av søkjarane til stillinga som barnevernsleiar er den rette, kan det bli aktuelt å samarbeide med Aurland og Lærdal. 

Årdal: Etter at Hadle Blikra tok jobben som leiar for Sogn barnevern har Årdal kommune vore utan ein barnevernsleiar. 

Stillinga vart naturleg nok utlyst, men ingen søkte. Difor har rådmann Olve Fossedal uformelt lufta om det er interesse frå nabokommunane Aurland og Lærdal å drøfte eit nærare samarbeid av organisatorisk karakter.

– Viktig å ha i kommunen

Det var rådmennene i begge kommunane interesserte i, og Fossedal bad difor om fullmakt til å innleie drøftingar. Men i mellomtida har det kome søkjarar til stillinga. 

– Det er kome søkjarar som gjer at eg kan gjennomføre intervju, men viss det viser seg etter den runden at ingen av søkjarane er skikka nok til ei slik stilling, skal me sjå på andre modellar med andre kommunar – ikkje før, informerte Fossedal politikarane om. 

– Mi primære haldning er at dette er ei stilling som er viktig å ha i kommunen, la han til før han understreka kor krevjande og utfordrande det er å arbeide med barnevernssaker i ein kommune der tilhøva er små og gjennomsiktige.

Samarbeid kan styrke

Barnevernstenesta i Årdal har fire stillingar inkludert stillinga som leiar, men å arbeide med barnevernsaker kan vere krevjande og utfordrande i ein kommune der tilhøva er gjennomsiktige og små.

Difor kan nettopp det å gjere tenesta større vere eit tiltak som gjer det lettare å arbeide med barnevern, og som hindrar stor gjennomstrøyming og betre kontinuitet.

Dersom Årdal, Lærdal, Aurland vel å samarbeide, vil dei vere ti personar som jobbar i tenesta. 

Til toppen