ORIENTERTE: I kommuestyret torsdag orienterte leiar Hadle Blikra i Sogn barnevern om stoda i eininga, mellom anna det høge sjukefråværet.
ORIENTERTE: I kommuestyret torsdag orienterte leiar Hadle Blikra i Sogn barnevern om stoda i eininga, mellom anna det høge sjukefråværet. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Barnevernsleiaren orienterte om det høge sjukefråværet

– Sjukefråværet er på veg nedover, sa barnevernsleiar Hadle Blikra då han møtte politikarane i Sogndal for å orientera om stoda i barnvernet. Han forsikra òg om at fråværet som har vore ikkje er arbeidsrelatert.

Sogndal: I ei orientering til kommunestyret forsikra kunne Hadle Blikra, leiar i Sogn barnevern, at det høge sjukefråværet i eininga var på veg ned.

Første kvartalet var det på heile 22 prosent.

– I eit lite eining skal det lite til før det gir dei utslaga. Sjukefråvêret i andre kvartal er vesentleg betre, sjølv om tala ikkje er klare per i dag, forklarte han.

Les òg: Evaluering syner betring i arbeidsmiljøet hjå Sogn barnevern

Naturleg forklaring

Han kunne opplysa at ein fjerdel av staben på 13 er gravide, og at størstedelen av fråværet slik sett har naturlege forklaringar.

– Me har ikkje hatt sjukefråvær knytt til arbeidsmiljø eller problem på arbeidsplassen, sa han.

På spørsmål frå politikarane fortalde han at den reduserte bemanninga berre hadde påverka dei på den måten at dei trengde å få tilført ekstraressursar.

– Det har me gjort. Me har klart oss rimeleg godt, sjølv om me har hatt det fråvêret me har hatt, sa Blikra, som meiner det ikkje er grunn til å vera uroa for kvaliteten på tenestene av den grunn.

Fleire meldingar til barnevernet

Han kunne òg opplysa at Sogn barnevernet har hatt ein auke på 40 prosent i talet henvendingar, frå skular, barnehagar og andre, den siste tida. Fleire i salen ville vita kvifor.

– Det er noko me har spekulert på sjølve. Noko av forklar trur me handlar om at instansane har fått lågare terskel til å melda. Dei er tryggare på at me i Sogn barnevern har evna til å handtere dei, enn det som kanskje har vore tilfelle tidlegare, svarte Blikra.

Han kunne òg fortella at det er ingen tilsette som har slutta sidan hausten 2016.

Til toppen