HELD FRAM: Lars Petter Bartnes er attvald som leiar i Norges Bondelag. Her på bondefrukosten utanfor Stortinget i april. Foto: Marianne Å. Friess / NPK
HELD FRAM: Lars Petter Bartnes er attvald som leiar i Norges Bondelag. Her på bondefrukosten utanfor Stortinget i april. Foto: Marianne Å. Friess / NPK

Bartnes attvald som leiar av Bondelaget

Lars Petter Bartnes er attvald som leiar av Norges Bondelag. Han vil prioritera den varsla jordbruksmeldinga til regjeringa i neste periode.

– Ut frå tidlegare debatt veit vi at fleire av berebjelkane i landbrukspolitikken kan bli sett under press. Vi som næring må arbeida saman for å hindra ein politikk som vil setja det norske landbruket slik vi kjenner det i dag, på spel, seier Bartnes om den varsla jordbruksmeldinga.

Bartnes blei vald som leiar i Norsk Bondelag for første gong i 2014, etter fem år som styremedlem i organisasjonen. Frå 2004 til 2014 var han også styremedlem i Nortura.

Ny 1.nestleiar

Under årsmøtet på Lillehammer blei Bjørn Gimming vald som ny 1. nestleiar. Han har sete i styret sidan 2012.

– Eg er svært audmjuk for oppgåva. Med stigande interesse for mat og landbruk, og utfordringar i norsk landbrukspolitikk, blir rolla til Norges Bondelag stadig viktigare. Eg vil gjera mitt aller beste for å bidra til at vi held fram å vera ein sterk og samla organisasjon, seier Gimming.

Norges Bondelag er med sine 62.000 medlemmer den største organisasjonen for næringspolitikk i norsk landbruk. (©NPK)

Til toppen