VIKTIG NÆRING: Leiar av Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes, kjem med råd til den nye landbruks- og matministeren. Pressefoto
VIKTIG NÆRING: Leiar av Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes, kjem med råd til den nye landbruks- og matministeren. Pressefoto

Bartnes: – Kan ikkje berre lytte til dei som er einige

Leiar i Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes, er oppteken av å etablere ein open og ærleg dialog med den nye landbruksministeren. 

Sylvi Listhaug (Frp), no tidlegare landbruks- og matminister, har fått nye oppgåver og er innsett som minister med ansvar for asyl-, flyktning- og integreringspolitikken. 

No er det partikollegaen Jon Georg Dale, som går frå Finansdepartementet og blir ny landbruks- og matminister, skriv VG

– Bli kjend og lytt til innspel

Noregs Bondelag, skriv i ei pressemelding, at dei gratulerer Dale med den viktige jobben som statsråd med ansvar norsk matproduksjon.

– Me er opptekne av å etablere ein open og ærleg dialog med ein kvar landbruksminister, noko som også vil gjelda han. Vårt ønske og gode råd til ministeren er å bli kjend med og lytte til innspel frå heile det fantastiske mangfaldet me har i det norske landbruket. Det handlar ikkje berre om å lytte til dei som alt er einige med han, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Noregs Bondelag.  

Viktig næring for samfunnet

Bartnes legg vekt på at Dale no overtek styringa av ei viktig næring for det norske samfunnet. 

– Landbruket produserer trygg mat av høg kvalitet til norske forbrukarar, og næringa gir grunnlag for 90.000 norske arbeidsplassar og verdiskaping i nesten alle landets kommunar, seier leiaren. 

Til toppen