BASAR: Fullt hus i Tønjum Ungdomshus.
BASAR: Fullt hus i Tønjum Ungdomshus. (Foto: Jan Christian Jerving )

Basar i Lærdal: – Måtte fylle på med ekstra stolar

Over 150 lærdøler møtte opp på basar søndag kveld, fortel leiar i Tønjum Grendalag, Liv Sofie Grøthe.

Lærdal: Den årlege basaren i Lærdal har i over 20 år blitt drifta av lokale eldsjeler.

– Lærdølene er veldig flink til å møte opp og støtte slike typar arrangement. Stemninga var på topp, seier Grøthe. 

I år samla dei inn heile 80.000 kroner som vil gå til gode føremål.

Arrangement, Lærdal, Tønjum ungdomshus
Overskotet går til Lærdal kommune. Foto: Jan C. Jerving

– Me har tidlegare donert alt overskot til sjukehus, aldersheim og skular i kommunen. Fjorårets overskot gjekk til innkjøp av hjartestartar i Borgund Stavkyrkje.

Den gode responsen frå deltakarar motivera til å fortsette med arrangementet i mange år framover.

– No skal me snart setja oss ned for å planleggja neste års basar, fortel Grøthe.

Til toppen