50 000 kroner:  Alle pengane Tønjum helselag har att etter basaren i haust går til dugnadsprosjektet for å få MR-maskin på Lærdal sjukehus. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
50 000 kroner: Alle pengane Tønjum helselag har att etter basaren i haust går til dugnadsprosjektet for å få MR-maskin på Lærdal sjukehus. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

Basarpengane går til MR-maskina

Tønjum Grendalag gjev 50 000 kroner til dugnadsprosjektet. Dei håpar fleire følgjer på.

– Det er heilt fantastisk at eit lite grendalag klarar å gje femti tusen kroner. For dei er dette veldig mykje pengar, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim.

Gir alle pengane dei har att

Kvar haust held Tønjum grendalag basar. Under basaren hausten som var fekk dei inn 80 000 kroner. No vil dei gje alle pengane dei har att til MR-maskina ved Lærdal sjukehus, for at folk som treng MR-undersøkjing slepp å reisa lange vegar.  

– Å skaffa MR-maskina er eit einaste stort dugnadsprosjekt. At lag og foreiningar som grendalaget på Tønjum vil gje så mykje er utruleg flott, seier Solheim.

Grendalaget består av 10-12 aktive tynjingar, og har Brita Ødegård som formann. Dei håpar gåva deira fører til at fleire hyv seg på dugnadsprosjektet. Det gjer ordførar Solheim også.

Spent på responsen frå næringslivet

– Særskild etter at helselaga i Årdal og Sogndal gav pengar såg me det byrja å røra seg. Og no er me komne ganske langt.

Les også: Kjempegåve til MR-maskin: – Flott måte å bruke pengane på

– Ventar du at også næringslivet for alvor kjem med bidrag?

– Me håpar på respons derifrå, og eg veit fleire er i tenkjeboksen. Ein av grunnane til at me gjer dette er jo nettopp at tilsette i verksemdene med behov for MR-undersøkjing skal få kortare ventetid, kjappare diagnose og såleis koma fortare ut i arbeid att. 

Les også: Frir til næringslivet

 

Til toppen