BASEHOPPAR OMKOM: Ein basehoppar omkom då han krasja onsdag kveld. Ulykka skjedde i Gudvangen. Foto: Google Maps.
BASEHOPPAR OMKOM: Ein basehoppar omkom då han krasja onsdag kveld. Ulykka skjedde i Gudvangen. Foto: Google Maps.

Basehoppar omkom i Gudvangen

Ein utanlandsk mann omkom etter eit basehopp i Gudvangen.

Gudvangen: Helse Førde AMK melder at personen er omkommen. Det var i 19.30-tida onsdag kveld at politiet i Sogn og Fjordane melde om ei alvorleg fallskjermulykke.

Fallskjermulykka viste seg å vere ei basehoppulykke. Ulykka skjedde ved eit bustadfelt i Gudvangen, kalla Skjerpi.

Politiet jobbar no med å finne ut kva som har skjedd.

– Me kjem til å etterforske hendinga og prøve å finne ut kva som har skjedd. Dei var fleire som hoppa saman, fortel operasjonsleiar Bengt Ness i politiet.

Denne veka pågår Ekstremsportveko på Voss. Ifølgje Ness var hoppet til den omkomne personen ikkje ein del av programmet. Til NRK seier dagleg leiar Sofie Torlei Olsen i Ekstremsportveko at dei ikkje har noko arrangement i Gudvangen i dag.

– Men eg har fått melding om at dette skal gjelde ei basehoppulukke, ikkje ei fallskjermulukke, seier Torlei Olsen.

Til toppen