Flåm: Vel ein time etter at ein person vart stasfesta omkommen etter ei basehoppulykke i Gudvangen, skjedde ei ny basehoppulykke – denne gongen i Flåm.
Det er Helse Førde AMK som melder om ulykka. Vedkommande skal ha treft ein fjellvegg.
- Les også: Basehoppar omkom i Gudvangen
Ambulanse, lokal lege, luftambulanse og redningshelikopter er varsla.
– Vedkommande ligg i ei steinur i Flåm. Me har folk på veg til fots oppover for å finne han, får Porten.no opplyst hjå politiet.
Rundt 22.40 melde politiet at eit SeaKing-helikopter skal plukka opp den skadde. Tilstanden skal vere alvorleg.
Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller på SMS til 480 13 131.
Artikkelen vert oppdatert.