UVAND SYN: Alle som handlar i kjøpesenter er vande med plakatar om sal og tilbod. Synet som møtte dei på AMFI Sogningen i dag var noko litt meir spenstig.
UVAND SYN: Alle som handlar i kjøpesenter er vande med plakatar om sal og tilbod. Synet som møtte dei på AMFI Sogningen i dag var noko litt meir spenstig. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Basketak på kjøpesenter

Mennene på matta slår og sparkar etter kvarandre, men dei er ikkje arge. I dag gav Sogndal Fitness & Fight Club laurdagshandlarane på AMFI Sogningen litt av ei oppvising.

Sogndal: – Me forsøker å byggje eit miljø her i Sogndal, og då er det viktig at me syner fram kva kampsport eigentleg er, seier Tiago Mendes.

Mendes er verdsmeister i Muay Thai og er hovudinstruktør ved Fitness & Fight Club i Sogndal. Laurdag ettermiddag hadde klubben kampsportshow der dei synte fram Muay Thai, karate, MMA og sjølvforsvar.

FRAMLEIS GODE VENER: – Trass i at me konkurrerar éin og éin, er kampsport ein veldig sosial aktivitet, seier Mendes. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

– Interessen for kampsport veks her i bygda, men det er framleis mange som ikkje veit kva me eigentleg driv med, seier Mendes.

Med høgtalarar, musikk og plakatar hadde kampsportklubben lagt ned arbeid i framsyninga si. Og det merkast på publikumet. Trass i at det var midt på dagen sto kring femti tilskodarar for å få med seg opptrinnet.

Les også: Tiago Mendes slo knockout på første motstandar i Thailand

Ein del yngre utøvarar var også med og dei hadde sitt eige opplegg. Dei yngste borna byrjar gjerne med karate før dei forsøker seg på andre kampsportar.

Born syner fram karate for eit publikum på eit kjøepsenter.
FOR STORE OG SMÅ: – Kampsport er for alle aldrar. Alle frå sjuåringar til pensjonistar er velkomne, seier Tiago Mendes. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

– Me har treningar med folk frå alle aldrar. Kampsport kan ein drive med frå ein er sju år til ein er pensjonist, seier Mendes.

Fitness & Fight Club opna i mai i fjor og har ikkje vore ein del av idrettskulturen i Sogn lenge. Mendes seier at dei likevel har fått mykje merksemd dei siste månadane, og at medlemstala kryp oppover.

– Vårt mål er å byggje ein godt miljø for å invitere fleire inn. Då er det viktig å gjere slikt som me gjorde i dag for å syne folk alt kampsport har å by på, seier Mendes.

Til toppen