EINIGE: Gro Starheimsæther og Kåre Mentz Lysne, gruppeleiarar i tilhøvesvis Senterpartiet og Ap, var einige om å lata budsjettet frå handsaminga i formannskapet stå uendra. Ingen av dei femten andre kommunestyrerepresentantane var ueininge i det. Foto: Ole Ramshus Sælthun
EINIGE: Gro Starheimsæther og Kåre Mentz Lysne, gruppeleiarar i tilhøvesvis Senterpartiet og Ap, var einige om å lata budsjettet frå handsaminga i formannskapet stå uendra. Ingen av dei femten andre kommunestyrerepresentantane var ueininge i det. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Bassenga blir halde opne i 2017

Kommunestyret i Lærdal vedtok budsjettet formannskapet gjekk for - utan endringar. Det vil seia mellom anna opne basseng, ope samfunnshus og støtte til lag og organisasjonar også i 2017.

Lærdal: – I programmet me hadde før valet stod det ei formulering om at tilgjengelege ressursar skulle prioriterast til tenesteproduksjon, ikkje leiing og admininstrasjon. Det har vorte meir og meir aktualisert gjennom året og trong økonomi. Me har lagt ned Ljøsne skule og gått for prosjektet på bu- og omsorgsheimen som skal gje sparingar på drift. Då kan me ikkje gå med på fleire kutt i tenester og frivillig arbeid, sa gruppeleiar i Ap, Kåre Mentz Lysne.

Etter at rådmannen kom med framlegg til eit budsjett som mellom anna innebar å stenga begge bassenga i kommunen, stenga samfunnshuset på Borgund, ta vekk støtte til lag og organisasjonar og ei rekkje andre «upopulære tiltak», laga Senterpartiet ein budsjettkommentar der dei strauk stort sett alle desse tiltaka. 

Les også: Føreslår å stenga begge bassenga

Dei om lag to millionane som då må sparast inn andre stader skal takast på administrasjon og organisering etter ein viss fordelingsnøkkjel:

Sjå kva tenester formannskapet fjerna frå innsparingslista til rådmannen: Vil halda samfunnshuset og begge bassenga opne

– Må stikka fingeren litt i jorda

Gro Starheimsæther, gruppeleiar i Senterpartiet, streka under at desse to innspara millionane altså ikkje skal gje mindre tenester til innbyggjarane:

– Me skal ikkje kutta i tenestenivået, men prosjektet Optimal organisering skal finna innsparingar på altså organisering - eg har lyst til å presisera det for ein del har nok misforstått den.

Desse to millionane må nødvendigvis i all hovudsak handla om lønsutgifter. Korleis den endelege innretninga her blir - kva stillingar på administrativt nivå som eventuelt blir kutta, er noko som først blir klart på nyåret - men at så og så mange hundre tusen blir kutta på dei ulike tenesteområda er klart:

  • Oppvekst: (500 000 kr., som resultat av å stenga ei barnehageavdeling) 
  • Teknisk: (750 000 kr.) 
  • PLO/Helse: (322 000 kr.) 
  • Rådmannsfunksjonen (350 000 kr.)

– Ein må sjå på både talet på leiarar og av administrativt personale. Det kan bli aktuelt å gå til ei tonivåløysing, det får me sjå. Me må stikka fingeren litt i jorda og sjå at me er ein kommune med knappe 2200 innbyggjarar, sa Lysne.

I budsjettet ligg det inne kutt i Pleie- og omsorg på 5-6 stillingar, nedtak på Oppvekst på 3,5 stillingar og samanslåing av to stillingar på Teknisk - altså om lag ti stillingar mindre ute i einingane. Annike Vanberg (SV) sa det slik:

– Det me står att med er administrasjon og organisering. Dei som er att ute ved einingane må jobba raskare, hardare eller meir. Eigedomsskatt har me ikkje fronta i haust av to grunnar; fordi me må må koma på eit driftsnivå der me ikkje er avhenging av svingande inntekte, og fordi ei innføring må gjerast veldig grundig - det har vorte høgt konfliktnivå der eigedomsskattt er innført, mellom anna i Sogndal. Det kjem nok att i 2017, for trenden er at dei private inntektene aukar og dei offentlege minkar. 

Debatt om møter på kveldstid

Eit anna framlegg rådmannen hadde i budsjettframlegget - berekna til ei innsparing på 100 000 kroner - var møter på kveldstid. Denne innsparinga vart teken ut av formannskapet, og Kristen Olav Grøttebø (Ap) spurde om det var noko ein burde vurdera å ta innatt:

– Det kunne ha vore eit godt signal - sjølv om det ikkje er snakk om dei heilt store summane å spara inn. Eit anna poeng er at møter på kveldstid vil gjera det enklare for innbyggjarane å møta opp eller finna tid til å sjå streaminga.

Frode Myklebust (V) svara:

– Me tek gjerne møter på kveldstid, men me er usikre på om det er så mykje å spara her at det bør leggjast som innsparing i budsjettet. At det er teke tilbake betyr ikkje at det er politisk uvilje.

Gro Starheimsæther nemnde at ho meinte mykje det same, vidare at møter som var fornuftige å leggja på kveldstid kunne leggjast på kveldstid - utifrå til dømes saksliste og omfang.

Det same meinte Annike Vanberg

– Om me skal ha konsekvent alle møter på kveldstid er eg usikker på. Me kan finna ein middelveg der.

Diskusjonen utløyste ikkje nokre endringsframlegg. Dermed vedtok kommunestyret budsjettet slik formannskapet vedtok det. Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) avslutta budsjettsaka slik:

– Å få til eit einstemmig budsjett med dei utfordringane me har hatt, det tek eg av meg hatten for.

Til toppen