OPE: Bassenget på Lærdalsøyri skule vart stengd for oppgradering i november. No er bassenget ope att.
OPE: Bassenget på Lærdalsøyri skule vart stengd for oppgradering i november. No er bassenget ope att. (Illustrasjonsfoto: Liv Tønjum Einemo / Arkiv)

Bassenget på Lærdalsøyri har vore stengd i to månader, no er det ope

Arbeidet med ventilasjonsanlegget pågår framleis, men symjeglade lærdøler kan nytta bassenget likevel.

Lærdal: I slutten av november vart bassenget på Lærdalsøyri skule stengd for oppgradering. Førre helg, vél to månader etter, opna bassenget att.

– Me opna laurdag, som var éin dag seinare enn me hadde estimert, seier Tor Magne Gjerde, oppsynsmann og driftsansvarleg ved skulen. 

Ikkje ferdige med arbeidet

Etter eit straumbrot i bygda i fjor haust, rauk ein kompressor i ventilasjonsanlegget i bassenget. Dette gjorde at det ikkje var mogleg å avfukta bassenget, og kommunen var nøydde å skifta ut heile ventilasjonsanlegget.

– Arbeidet er enno ikkje heilt ferdig, men me har kome så langt at me kan opne bassenget. Det gjenstår framleis er ein del tilpassing i form av oppstartsprosedyre og automatisering av anlegget. No driv me manuelt for å halde ope, seier Gjerde. 

Grunnen til at arbeidet har teke så lang tid er at heile varmesystemet på Lærdalsøyri skule, samt biblioteket og nærliggjande kommunebygg skal leggjast om, for å gå over til eit lågtemperaturanlegg.

Det nye systemet opererer med varmegjenvinning, slik at det ifølgje Gjerde blir eit meir moderne og energisparande system. 

Til toppen