URETT: Jorunn Brita Asperheim meiner fordelinga mellom tenester og tilbod er skeivfordelt mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.
URETT: Jorunn Brita Asperheim meiner fordelinga mellom tenester og tilbod er skeivfordelt mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Bassengsaka: Ikkje to av alt – alt i Øvre!

– Det har vorte ein bitter tone mellom Øvre og Tangen, det er mykje takka måten politiske saker har vorte handsama på, skriv Jorunn Brit Asperheim i dette meiningsinnlegget.

  • Innlegget vart først publisert i Sogn Avis tysdag 19.februar. Publisert etter avtale med skribent. 

Laurdag den 16. februar stod det å lesa eit innlegg om politikarar som «hadde drete trevvele’ i broki».
 
Sant nok er desse politikarane dei beste me greidde å finna til vallistene i kommunen. Dei fleste av oss er nok einige i at arbeidet deira er krevjande, og at dei frå tid til annan må ta vanskelege val. Til hausten er det kommuneval, godtfolk, då er det eit nytt høve for å stemma inn dei politikarane me tykkjer har synt seg fortent til det.
 
Eg syner enno ein gong til eit folkemøte i det «tidlegare samfunnshuset» på Årdalstangen, der ein etterkvart vart samd om at me måtte fordele dei ulike tilboda i kommunen. Her vart det sagt fordela, ikkje forfordela (å gje nokon for lite eller gjere urett mot dei på anna vis, journ.anm.). I grove trekk vart det då lagt fram at me skulle styra i hovudsak det meste av forretningane til Øvre Årdal og at offentlege kontor og tenester skulle ligga på Årdalstangen

I dag opplever me eit trist sentrum på Tangen, som er strippa for det meste av det som ein gong var. 

Flytta tenestetilbod til Øvre Årdal

Det fyrste som vart plukka, var biblioteket. Argumentasjonen for vedtaket var at vidaregåande skule skulle kunna gjera seg nytte av tilbodet. Ifølge vidaregåandeelevane eg har vore i kontakt med frå tid til anna, vert dette nytta i særs liten grad.

Så flytte dei tannhelsetenestene, greit nok, men kanskje hadde det vore ein tanke å legga dette på Tangen. Det er like langt frå Øvre til Tangen, som fra Tangen til Øvre. Dette hadde òg vore med på å skapa liv i sentrum. 

Forfordelinga vart på det meste fullbrakt då dei folkevalde, etter protestar, flytte det mykje omtala legesenteret til Øvre Årdal. Etter mange si meining geografisk feil, og til eit bygg som knapt nok greier å pressa inn det høgst naudsynte av dei tenestene bygget skal yta. 

Sjå til Sogndal

I dag kan me sjå kva Sogndal har klart å få til, som ikkje Årdal maktar å sjå. Eit bygg som er stort nok til å romma alt av helsetilbod. Årdal hadde òg høve til dette i eit bygg som med ombygging kunne ha romma det same, men som diverre låg på Tangen.

Om desse tre tilboda hadde vorte verande på Tangen, hadde me truleg fått inn noko meir liv og røre i sentrum.
 
Ikkje minst hadde politikarane kunna stått inne for at dei ville det beste for begge tettstader, og at dei fordelte, ikkje forfordelte.

Dårleg stemning mellom Øvre og Tangen

I dag føler eg at det er vorte ein dårleg atmosfære mellom Øvre og Tangen, det er nesten slik at ein må vera på vakt for å seia si meining. Eg opplever sneversynte og smålige haldningar, som våre folkevalde har vore meistrar over med sine avgjerder.

Dette gjer meg trist og lei. Me har alltid vore samansveisa tidlegare, sjølv om me i all venskap kasta litt små-erting til kvarandre.

I dag føler eg at det har vorte ein mykje meir bitter tone mellom oss. Dette kan me takka den måten dei ulike sakene har vorte handsama og vedteke på. 

Fram og tilbake er like langt

Det siste som politikarane endeleg har avgjort, og som eg er glad for, er at bassenget på Tangen skal bli renovert og opna (sikkert takka valet til hausten).

Luksus, ja vel. Det er kanskje det med to utandørsbasseng so nære kvarandre, eg er einig i det. Var det kanskje ein tanke at me heldt ope bassenga annakvart år? Me ville i alle fall spara driftskostnader på det eine.
 
Eg gjentek: avstanden mellom Øvre og Tangen er like lang den eine som den andre vegen.

– Me treng upartiske folkevalde

Me kan diverre ikkje gjera om alle endringar som alt er gjennomførde dei seinare åra, men meiner dei folkevalde at dette er representativt for ei fordeling? Dette er viktig for veljarane å vita og ta stilling til framanfor det komande kommunevalet.
 
Me treng upartiske folkevalde som vil det beste for heile kommunen. Folkevalde som ikkje let seg styra av eigeninteresser og trongsyn. Folkevalde som kan stå oppreiste og sjå alle bebuarane i kommunen i augene og seia at dei tek rettferdige og formålstenlege avgjerder.

Godtfolk, til hausten er det kommuneval.

Til toppen