MEININGAR: – Me har valt dykk til å ta dei upopulære avgjerdene for oss, då må de tore det, skriv Ole Magnar Nundal i dette meiningsinnlegget.
MEININGAR: – Me har valt dykk til å ta dei upopulære avgjerdene for oss, då må de tore det, skriv Ole Magnar Nundal i dette meiningsinnlegget. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Bassengsaka: – Kjære lokalpolitikarar i Årdal. De har, etter mi meining, «drete trevvele’ i broki»!

– Me har valt dykk til å ta dei upopulære avgjerdene for oss, då må de tore det, skriv Ole Magnar Nundal i dette meiningsinnlegget.

  • Innlegget vart først publisert Sogn Avis laurdag 16.februar. Gjengitt etter avtale med skribent. 

De er dei beste me greide å finne på vallistene for snart 4 år sidan. Me valde dykk til å sitja i den viktigaste forsamlinga i lokalsamfunnet vår, for å ta dei viktigaste avgjerdene for oss.

Det er brei semje i lokalsamfunnet om at me ikkje kan halde fram med to parallelle tilbod av ulike tenester. Anten det dreier seg om kulturtilbod eller helsetilbod. Snart kjem nok òg skuletilbodet inn på sakskartet.

Desse vanskelege og «upopulære» avgjerdene har me valgt dykk til å ta for oss, og det vil alltid føra til misnøye hjå dei som misser gangavstand til tilbodet. Men det må de som politikarar tåle. Og i lengden trur eg at de vinn på det.

Lokalsamfunnet vårt vil i alle fall vinne på det. Og det er vel det som tel, eller…?

På villspor

Førre veke hadde de utandørsbassenget på Årdalstangen oppe til drøfting. De let dykk lure inn i argumentasjonar som om det skulle handle om borna på Tangen, og om reiselivsaktivitet. Og at det er viktig for borna på Tangen og for reiselivet at me har to utandørsbasseng! Det meinar eg er eit villspor.

Det de skulle ha diskutert, og som de er innvalde til å løysa for oss, det er; kva for eit tilbod skal driftast og utviklast vidare? Og kva for eit tilbod skal stengast og avviklast, slik at pengane og arealet brukast til noko nyttigare? I staden stakk de hovuda dykkar djupt ned i sanden, og valde å halde fram med begge to.

Dei aller fleste kommunar, har ikkje noko utandørsbasseng i det heile. Kom an! Kva er det de vil med bygdi? Kor lenge skal de halda fram slik? Kor mange fleire «delikate problem» skal de unngå på denne måten?

– Skjerp dykk!

Det er ei dårleg utvikling dersom «meiningsmålingar» på sosiale media, skal vera retningsgjevande for viktige politiske avgjerder, som de, våre beste tillitsvalde, skal ta.

Dersom de er so redde for å miste «taburetten», oppnår de å miste tilliten vår. Eller langt verre; me utviklar politikarforakt! Det er ikkje bra i lengden.

Nei folkens. Skjerp dykk. No har de lagt dette bak dykk, og har kanskje berga nokre stemmer til hausten. Men ver snille å ikkje halda fram på denne måten.

Dette er berre ei meiningsytring frå meg sjølvsagt. Eg skal ikkje påberope meg at det er mitt syn som er det klokaste, modigaste og mest visjonære, men eg tillet meg likevel å minna om at me treng klokskap, mot og visjonar hjå våre folkevalde for å utvikla lokalsamfunnet vårt. Ikkje populistar.

Takk for merksemda. 

Til toppen