- ME ER ÅRDAL: – Me må ta av oss Øvre/Tangen-brillene og sjå oss som Årdal, meiner Ole Magnar Nundal.
- ME ER ÅRDAL: – Me må ta av oss Øvre/Tangen-brillene og sjå oss som Årdal, meiner Ole Magnar Nundal. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Bassengsaka: – Me må ta av oss Øvre/Tangen-brillene og sjå oss som Årdal

– Pass opp, her kjem ein brannfakkel: eg trur ikkje at det er mogeleg å «utvikla» to tettstader i den vesle kommunen vår. Det er ikkje nok folk her, skriv Ole Magnar Nundal i dette meiningsinnlegget.

Tusen takk til Jorunn Brit Asperheim, for reaksjon på innlegget mitt. Det er slike meiningsbrytingar som du og eg framfører, i full offentlegheit, me treng framover. I tillegg til modige folkevalde og saklege innlegg som kan medvirka til å ta ned konfliktnivået mellom tettstadene.

Eg vil ikkje inn i lokaliseringsstrid når det gjeld ulike tilbod (eg har fått nokre reaksjonar på innlegget mitt, både for og imot, som tolkar meg i den retningen), men eg vil påstå, at avstanden mellom Øvre og Tangen, eller mellom Tangen og Øvre om de vil, er heilt uvesentleg for alle praktiske føremål, dersom du ikkje har tenkt å gå sjølvsagt.

Ein bitteliten merknad til Jorunn Brit: lokalet der folkemøtet var, heiter Årdal kino. Ikkje «det tidlegare samfunnshuset på Tangen». Me har ein fantastisk fin kino i Årdal. Me har òg eit framifrå bibliotek i kommunen.

Heile bygda i same båt

Eg trur at dersom det er nokon enkeltfaktor som styrer aktivitet og handel i bygdebiletet, so er det samferdsle.

Årdalstangen var Årdal sitt knutepunkt den gongen samferdsla gjekk på sjøen, og all ferdsel gjekk gjennom sentrum på Tangen. Slik er det ikkje lenger. Og handelsnæringa blir utvikla eller lagt ned, alt etter om det blir handla der eller ikkje. Det er nok av døme på tomme butikkvindauge i Øvre òg grunna for lite handel.

Heile bygda sit faktisk i same båt, men Tangen er framleis Årdal si sjøside. Kanskje ligg det noko der som me kan bygga vidare på?

Nokre drivande sjeler er alt i gong. Hotellet vårt med restaurant og kafe ligg ved sjøen, og kinoen og tusenårsstaden. Sjølv er eg entusiastisk engasjert i utvikling av Utladalen som reisemål, og har nok med det, men eg veit at kreativiteten er stor hjå mange dersom ein finn gode ting å bruke han til. Det er mykje positivt på gang.

Må sjå på oss sjølv som Årdal

Pass opp, her kjem ein brannfakkel: eg trur ikkje, at det er mogeleg å «utvikla» to tettstader i den vesle kommunen vår. Det er ikkje nok folk her. Men begge tettstadene og dalane kring dei, kan vera gode å bu i til trass for det.

Me må berre ta av oss Øvre/Tangen-brillene våre, løfta blikket, og sjå på oss som Årdal.

«Eg bur oppunder fjell» oppe på «stølen» (Øvre Årdal) som dei fleste av dykk veit. Eg kan ikkje gå til kinoen, eller gå til eit møte på Klingenberg eller når eg skal nytta restauranten der, eller gå til dei offentlege tenestene som er lokalisert på Tangen.

Men heilt ærleg: Det drit eg i. Det betyr ingenting for meg. Eg møter opp når det går filmar eg har lyst å sjå, eller om det er noko eg har lyst på i restauranten, eller om det er eit møte eg skal på. 

– Ta nytte av tilboda me har

Til alle de som meinar at alt er betre i Øvre enn på Tangen: still dykk opp framfor spegelen og sjå dykk sjølve djupt inn i augene og sei høgt: «Det er mykje betre i Øvre enn på Tangen».

Høyrer de at det skurrar?

Nei, her må det framsnakking og konstruktiv jobbing til. Eg oppmodar alle til å bruka dei tilboda me har i kommunen, til trass for om dei ligg her eller der.

Det er trass alt ganske gode tilbod her for ei bygd på mellom fem og seks tusen innbyggjarar.

Til toppen