BLEI HEISA PÅ PLASS: Her blir dei nystrigla flytebryggene sjøsette.
BLEI HEISA PÅ PLASS: Her blir dei nystrigla flytebryggene sjøsette. (Bilde: Lærdal båteigarlag)

Båteigarlaget bur seg til neste sesong med nyopprusta flytebrygger

Har gått med 137 dugnadstimar.

Lærdal: Etter avtale med Lærdal kommune har Lærdal båteigarlag rusta opp dei kommunale flytebryggene i Habben. 

– Eg er veldig godt nøgd med resultatet og det trur eg kommunen òg er. Det aller viktigaste er at vi har fått ei flytebrygge som faktisk flyt, seier leiar Odd Mikalsen i Lærdal båteigarlag.

I arbeidet har alle dei fire bryggene blitt tatt på land, dei gamle flyteelementa blitt fjerna og nye monterte, før dei nystrigla bryggene vart sjøsette og monterte i Habben att. 

I alt har båteigarlaget brukt 137 timer på jobben.

– Me måtte vente på dei nye flytepontongarkom og kom ikkje i gang før på tampen av sommaren. Men når me først fekk starta gjekk det ganske radig, seier Mikalsen.

Han fortel at dei fastbuande stort sett nyttar småbåthamna når tilhøva tillet det.

– Så dette er mest for dei tilreisande, slik at brygga skal vere presentabel for dei som kjem, seier Mikalsen.

Til toppen