– Beach-handball er veldig gøy!

Måndag vart det arrangert beach-handball turnering på Årdalstangen stadion, og deltakarane var strålande nøgde.

Turneringa vart arrangert av Årdalstangen idrettslag og handballgruppa på den nye beach-handballbana på Årdalstangen Stadion, og idrettslag frå heile Sogn og Fjordane kunne stille lag.

På grunn av dagen turneringa vart spelt på var det berre Årdalslag som deltok på turneringa, men spelarane storkosa seg likevel.

Sjå fleire bilete frå turneringa øvst i saka!

–  Eg har aldri spelt det før, men det var veldig gøy, fortel Synnøve Strand.

 Debuterte under turneringa
Ingrid Øvstetun, Anja Einan og Synnøve Strand spelar alle tre handball på Jotun til vanleg, og fortel at beach-handball er ganske annleis og litt vanskeleg. Dei tre jentene har ikkje spelt beach-handball tidlegare, og måtte lære seg reglane på eit informasjonsmøte i forkant av turneringa.

Under turneringa spelte jentene mot både kvarandre og  andre lag, og då porten.no spør om det var skummelt å spele mot gutane, kjem svaret samstemt og tydeleg.

– Ja! Dei er store og ganske skumle, og mange av dei skyt veldig hardt, legg Øvstetun til med eit lurt smil om munnen.

Nøgde arrangørar
Leiar av handballgruppa, Tore Øren, fortel til porten.no at dei er nøgde med deltakinga under årets turnering. Det var i alt 10 påmelde lag til årets turnering, og Øren var nøgd trass i at det berre var Årdalslag.

Kveldens turnering var den fyste beach-handball turneringa Årdalstangen idrettslag har arrangert, og på bana kunne ein sjå spelarar frå 14-årsalderen og heilt opp til spelarar i seniorklasse.

Kvart år vert det arrangert regionsmeisterskap i beach-handball i Bergen, og Øren fortel at det er dette meisterskapet som har vore motivasjonen bak å byggje ei beach-handballbane på «Cuba». Årdalstangen idrettslag  har delteke på meisterskapet i Bergen i fire år, noko som også er planen i år.

Ynskjer ikkje å øydeleggje for fotballen
Sumarhalvåret er som kjend ikkje tida for handball, denne tida av året vert av mange nytta til andre typar sport, som til dømes fotball.

Når porten.no nemner dette for Øren, påpeikar han fort at handballgruppa ikkje ynskjer å stikke kjeppar i hjula for Årdalsfotballen eller gjere det vanskeleg for dei spelarane som er aktive innanfor fleire idrettar.

– Det vert sjølvsagt nokre dagar der spelarane lyt velje mellom ulike aktivitetar, men me prøver så godt me kan å unngå dette. Me har difor, blant anna, lagt alle våre treningar til helgene, då det ikkje er andre idrettar som har treningar.

Hovudsponsor av turneringa var Indre Sogn Sparebank, som så gåvmildt stilte med premiar til alle deltakarane.

 Finalekampane vart droppa på grunn av kulde og litt vind, men det hadde vore gutelaga som skulle ha spelt finalekampane viss så hadde vore. Nestleiar i Åtil handball, Anne Kauppi, fortel til porten.no at idrettslaget vil prøve å arrangere ei ny turnering i august/september, og då på ein laurdag med solskin. Idrettslaget håpar på fleire utabygdslag og kanskje fleire av tilskodarane i dag då får lyst å prøve seg.

Nedanfor ser du resultatlista etter kveldens turnering!

Høyr intervju med Anne Kauppi her gjort av Kent Fimreite

Til toppen