Årdal: Det er Beate S. Lech som står bak namnet og gruppa Beady Belle. Lech er fødd i Øvre Årdal, men oppvaksen i Volda i Møre og Romsdal.
Onsdag slepp ho altså den første singelen «Incompatible» og feirar med konsert på Jazzland sitt 20-årsjubileum på Rockefeller. Låta er innspelt i New York og er ein kjenslelada og ærleg ballade fronta av Lech si karakteristiske og delikate vokal.
I låta vert jazz, soul og pop fletta saman til ei fengslande sanseoppleving. Det var kjensla av ikkje å passe heilt inn nokon stad som trakk Beady Belle til New York, ein by full av kulturar, og der alle kan finne sin plass.
Ikkje passe inn
– Av og til passar ikkje livets puslespelbitar saman. Me kan kjenne oss utilpass i forhold til miljøet rundt oss, til samfunnet, og til oss sjølve. Brikkene passar ikkje saman, og vegane peikar i alle moglege retningar. Me kan føle oss rådville, misforstått og åleine.
– Me høyrer ikkje til i samanhengen, og samanhengen høyrer ikkje til i oss. I ein sånn situasjon er kanskje den einaste løysinga å søka eit grenselaust mylder der alt og ingenting passar, men der det er lov å leike, seier ho i ei pressemelding.
– Vondt å skape musikk
«Incompatible» har eit roleg og jordnært lydbilete.
– Eg prøver alltid å formidle ei sanning og nærheit i tekstane mine. I all musikk og tekst eg har skrive til platene mine søkjer eg ei kjerne som ligg tett inntil hjarte mitt.
– Det gjer litt vondt å skape musikk og tekst, og det skal det gjera når ein skriv om noko som er så nært. Det er noko avslørande i det. Eg synest nerven i musikken og teksten balanserer akkurat på dette skjøre punktet, forklarar ho.
Du kan lytte til låta her.