NYTT ALBUM: Beady Belle (Beate S. Lech) er aktuell med nytt album denne veka. Foto: Bugge Wesseltoft. 
NYTT ALBUM: Beady Belle (Beate S. Lech) er aktuell med nytt album denne veka. Foto: Bugge Wesseltoft. 

Beady Belle med nytt album

Beate S. Lech og Beady Belle kjem med nytt album denne veka. 

Årdal: Lech er opprinneleg frå Øvre Årdal, og torsdag denne veka er det klart for sleppet av bandets sjuande studioalbum «On My Own».

Denne gongen er vokalist og låtskrivar Lech og produsent Bugge Wesseltoft tatt med seg eit stjernelag av verdskjende musikarar på plata, som Gregory Hutchinson, Reuben Rogers og Joshua Redman.

Albumet baserer seg på eitt gjennomgåande tema, nemleg det å vere annleis – å stå opp for seg sjølv og ikkje flyte med straumen. 

– Eg prøver å skildra og belyse ulike sider ved dette. Det smertefulle, det forunderlege og det gladfulle. 

Albumet inneheld alt frå sterke og djuptgåande tekstane til hennar djupe, fyldige soul-stemme. 

Det nye albumet vert slept torsdag denne veka på Jazzland Recordings og vert feira med turné i Noreg og Europa. 

Til toppen