NY SONG: Singelsleppet feirast med konsert på AnJazz, Hamar jazzfestival, fredag. Foto: Bugge Wesseltoft.
NY SONG: Singelsleppet feirast med konsert på AnJazz, Hamar jazzfestival, fredag. Foto: Bugge Wesseltoft.

Beady Belle slepp singelen "Bury" 

Vokalisten og låtskrivaren frå Årdal, Beate S. Lech slepp fredag singelen ”Bury” og feirar med konsert på Hamar jazzfestival.

Årdal: Låta "Bury" er den andre i rekkja frå Beady Belles kommande album som vert slept i september 2016.

Les også: Beady Belle med ny singel

”Bury” er djupt planta i soul og R&B, men har også preg av 70-talls jazzen. Den er spelt inn med akustiske, gamle og originale instrument, noko som gir ein heilt eigen rufsete og upolert sjarm.

Singelen har ein energifull tyngde – likevel er lydbilete båe leikent og fengjande.

Soul i sjela

– Singelen er sunge med soul i sjela og spelt med ei jazza leiken. Det er berre å ta på seg slengbuksene og bli med på dansen, ler Beate S. Lech, vokalisten bak artistnamnet Beady Belle.

Beady Belle har alltid hatt fokus på ærlegdom, nærleik og refleksjon i tekstane sine. Også denne gong har ho levert ein tekst som stikk svært djupt. Ja, faktisk heilt under sanden.

– Bury" tek utgangspunkt i eit velkjend bilete, nemleg strutsen som grev hovudet i sanden. Dette bilete fortell om nokon som vil forsvinne frå verkelegheita, det ligg ei fornekting i det. Med teksten "Bury" utfordrar eg dette scenarioet. Kanskje kan det å stikke hovudet i sanden gi nye svar. Kanskje kan svaret nettopp ligge nedgraven under alle sandkorna. Vi kan ikkje heilt vite - før vi sjølv har greve oss ned i sanden og kjend på mørket, på tyngda og på sandkorna mellom tennene, fortel Beate.

Stikk hovudet i sanden

Beady Belle innrømmer at ho sjølv også stikk hovudet i sanden i blant. 

– Dei fleste av oss har opplevd tøffe tørnar i livet, og når det bles som verst kan kanskje ein kvar av oss ha lyst til å krype seg saman i mørket og late verda skure forbi. Men kva om svaret vi søkjer ligg i nettopp dette? Kva om det du kanskje trur er ei fornekting - i det du ser meg med hovudet i sanden - i realiteten er ei vidare søken? Kanskje eg ikkje har gitt opp, men søkjer på stader som for andre var irrelevante å leite. Finnast det svar under sanden? Finnast det svar i det skamfulle mørket? undrar Beate.

Kritikarroste Beady Belle har satt sitt preg på musikkscena sidan debutalbumet Home blei gitt ut i 2001. Sidan då har Beady Belle spelt konsertar i over 27 land, turnert med den berømte jazz-songaren Jamie Cullum, og blant anna samarbeida med soul-stjerna India Arie. 

Nominert til Spellemann

– Eg trur at det kan finnast uvisst mange svar der vi ikkje tenkjer på å leite. Og når nokon leitar der, så kan det være lurt om vi let dei få gjere det utan at vi dømmer for fort. Det kan hende at dei møter verkelegheita med større openheit enn vi kunne ane. Det finnast så mange verkelegheiter, og så mange måtar å møte dei på, legg ho til.

Beady Belle sitt album Closer og At welding bridge vart nominert til Spellemannprisen for beste album i 2005 og i 2010, og musikkvideoen til låta "Self-fulfilling" vart Spellemann-nominert til beste musikkvideo i 2008. Beady Belle har sidan starten vore kjend for sine kraftfulle liveopptredenar og mottatt strålande kritikkar for sine utgjevingar i Noreg, så vel som internasjonalt.

Singelsleppet feirast med konsert på AnJazz, Hamar jazzfestival, fredag.

Til toppen