NY SINGEL: Fredag slapp Beady Belle ut singelen "Lost face". Foto: Arkiv
NY SINGEL: Fredag slapp Beady Belle ut singelen "Lost face". Foto: Arkiv

Beady Belle ute med ny singel

Vokalist og låtskrivar Beady Belle slapp singelen «Lost face» fredag.

Årdal: Beate Slettevoll Lech, som står bak gruppa Beady Belle, er opprinneleg frå Øvre Årdal.

Fredag slapp gruppa singelen «Lost face» og feirar med konsert på Sommerljom i Ørsta laurdag. Låta er så nære pop-sjangeren du kjem med Beady Belle, men låta har også ei kjensle av soul og jazz.

Låta tar eit oppgjer med ideen om å vere feilfri.

- Me er inne i eit rom fylt av skam. Eit hemmeleg rom ein helst ikkje vil vise verda. Grepet i songen er å tørre å vise fram dei svake sidene, nederlaga. Det er ein brutal, men likevel optimistisk song. Eg puttar mitt tapte ansikt i ein pidestall, for at du kan betrakte det nøye, fortel Beate S. Lech.

Artisten Lech hentar alltid inspirasjon frå eige liv, men dikterar ikkje historia bak. Ho leika med kontrastar, slik som livet i realiteten er.

- Poesiens oppgåve er ikkje å fortelje min historie, men eg skal med mine verktøy fortelje noko om lyttarane sitt eige liv. Eg trur me alle har ein felles raud tråd av kjensler og tankar som knyter oss saman, utdjupar ho.

Draumen om New York

Vokalisten har alltid hatt ein draum om New York og draumen er realisert.

- Tenk å få lov til å komme til New York og jobbe med verdsberømte amerikanske musikarar. Eg må klype meg i armen, for det er nesten ikkje til å tru. Situasjonen var dessutan så ny for meg, fordi eg er vant med å ha kontroll og ein finger med i spelet. No måtte eg legga hjartet mitt i handa til produsent Bugge Wesseltoft og dei dyktige musikarane i New York. Det kjennest fantastisk og skummelt på same tid.

Albumet On My Own er i sin heilheit tatt opp live i New York. Albumet kjem ut 22.september.  

Gode tilbakemeldingar

Dei store riksdekkjande avisene har gitt terningkast 5 og 6 til Lechs sine tidlegare utgivingar, og ordet verdsklasse er ofte brukt om Beady Belle og gruppas songar.

- Få norske band har så gjennomgåande kvalitetsnivå som Beady Belle, skreiv blant anna VG om gruppa.

- Eg blir rørt av tilbakemeldingane og det gir ekstra driv for å levere minst like godt denne gongen. Eg kjenner at på det nye albumet har eg nådd nye rom, og eg gler meg til å dele det med verda, avsluttar Lech.

Til toppen