ENORM: Sjeldan har elva Utla vore så stor som ho var tysdag kveld. Sist det var snakk om ei så stor elv, var det eit ras som blokkerte elvelaupet. Det var ikkje tilfelle denne gongen. Foto: Mads Heggø.
ENORM: Sjeldan har elva Utla vore så stor som ho var tysdag kveld. Sist det var snakk om ei så stor elv, var det eit ras som blokkerte elvelaupet. Det var ikkje tilfelle denne gongen. Foto: Mads Heggø.

Bebuarane i Ålmennhagen får flytta heim

Utla har minka veldig i laupet av natta og faren vert rekna som over.

Flaumen som herjar på Vestlandet har ikkje vore like dramatisk innst i Sogn, men for nokre av bebuarane i Ålmennhagen vart det litt dramatikk likevel.

Tysdag kveld like før 21.00 blei 15 bustadar i byggefeltet tømde for folk av Norsk Folkehjelp Årdal. Då hadde Utla vokse seg så stor at politibetjent Knut Arne Klingenberg ikkje ville ta nokre sjansar.

– Me bestemte oss for å gjera dette tidleg på kvelden for å sleppa å gjera dette seinare på natta, seier politibetjent Knut Arne Klingenberg til Porten.no.

– Det er dette som er det mest kritiste punktet når det gjeld bygningar. 

Dei som ikkje hadde vener eller familie å reisa til, var innlosjert på Sitla Hotell over natta. Desse har no fått flytta tilbake onsdag morgon.

Det får Porten.no opplyst rundt 07.30 av Teknisk etat i kommunen.

Det vart allereie i går slått fast at bebuarane ikkje fekk flytta tilbake same kveld, og gjennom heile natta har kommunen køyrt opp og ned langs elva for å gjera fortlaupande vurderingar og halde vakt.

I laupet av nattestimane har elva gått ned betraktelig og faren er rekna som over. Årdal har utan tvil vore blant dei heldigare kommunane, der enkelte berre har fått vatn inn i kjellaren.

I Lærdal er situasjonen ein annan, og dei voldsomme kreftene som var i sving tysdag kveld har gjort store skader på eigedom og vegar, medan enda lenger ut i fjorden i Flåm og Aurland har fleire mista husa sine.

Til toppen