Årdal: Nokre avskilta bilar som står parkerte øvst i byggjefeltet i Seimsdalen skaper irritasjon.
– Heile gata ser ut som eit bilopphøggeri, seier ein av naboane til bilane, 5-6 i talet.
- Les òg: Bilentusiasten har gjort hobbyen til levebrød
- Les òg: Han byggjer ny bil heilt frå grunnen av
Naturleg forklaring
Han ønskjer ikkje personleg merksemd, difor vil han ikkje ha namnet på trykk. Men han seier han har tipsa kommunen om problemet.
– Det bør ikkje sjå slik ut. Det er rart at det får lov til å stå i fred, seier han.
Svein Ove Åmås er sjef for den tekniske drifta i kommunen. Han seier køyretøya tilhøyrer ein ung entreprenør som har tenkt å byggja garasje og driva med oppgradering og sal av bilar der:
Vil ikkje ha garasje i bustadfelt
– Området bilane står på har han kjøpt. Me har snakka med han, og han skal eventuelt flytta bilane om dei står ute i vegen. Me gjer ikkje noko meir med saka no, seier Åmås.
Lesaren som har send inn bileta blir ikkje spesielt beroliga når han får opplyst kvifor bilane står der.
– Det er forsåvidt greit nok, men viss dei har fått lov til å driva med reparasjonar og sal av bilar i eit bustadfelt, då skal kommunen få noko å bryna seg på, seier han.