DEL OBSERVASJONAR: Rovdata ber folk dele sine observasjonar av rovdyr når dei er ute på tur. Foto: John Lambela/Statskog.
DEL OBSERVASJONAR: Rovdata ber folk dele sine observasjonar av rovdyr når dei er ute på tur. Foto: John Lambela/Statskog.

Bed folk dela rovdyrobservasjonar

Rovdata bed turgåarar dela sine rovdyrobservasjonar. Både gaupe, jerv, brunbjørn og ulv er aktive i sommarmånadane.

Indre Sogn: Bidrag frå vanlege folk er ei viktig kjelde til informasjon om dei store rovdyra i Skandinavia, og Rovdata bed folk bruka applikasjonen Skandobs for å melda inn observasjonar.

I Noreg er det 7.300 registrerte brukarar, og i Sverige 10.500.

– Brukarane deler observasjonar av både dyr, spor og andre sporteikn, og ein finn mange interessante bilete i applikasjonen, fortel leiar i Rovdata, Jonas Klingberg, og legg til:

– Tek du bilete av spor må du hugsa å få med noko på biletet som seier noko om storleiken på sporet. Til dømes ei fyrstikkøskje.

På nettsida Skandobs.no kan du følgja med på spor andre gjer i sommar. (©NPK)

Til toppen