Bedre kaldt enn aldri

Bedre kaldt enn aldri

Tradisjonen tru, har folk byrja valfarta Øvstetunsfossen i Øvre Årdal for å bada i "Hølen", vel og merka fleire veker seinare enn tidlegare år. - Fossen er framleis litt for stor, og vatnet litt i det kaldaste laget, fortel ein gjeng ungdomar som kjøler seg ned i botn av fossefallet.

For å seie det slik, dei badar ikkje lenge om gangen dei som vågar seg ut i vatnet denne veka. 

- Det er godt å kjøla seg ned altså, men det er mykje kaldare no enn det var i juli i fjor. Då var det rundt 18 grader i vatnet, no tippar me temperaturen ligg på rundt 10, seier kompisgjengen Vegard Aafedt Bukve (17), Jørgen Kilen Leine (15), Jonas Styve Madocs (17), (alias "Marco"), Erlend Nese (16), Eskil Klingenberg (17), Sander Boger Øren (17) og Runar Høl (16). 

 

Ungdomane innrømmer at det er litt irriterande at dei ikkje torer å kasta seg heilt ut i dei strie straumane og fosseboblene som før.

- Me lyt vera litt meir forsiktige no. Det verkar til og med som om dei faste steinane i botn me har hatt kontroll på før, har flytta på seg, seier dei.

 

Men dei er optimistiske i høve langtidsvarselet som lovar godvêr, og håpar difor at fossen minkar om kort tid. 

- Då kan me bruka det me kallar "Boblebadet", "Sklia" og "Virvelen". No held me oss stort sett der det kjennest trygt, det vil sei at me hoppar frå ein tørr stein og ut i vatnet der me ser det er djupt, for så å svømma ut i straumen, forklarar dei.

 

Normalt varme sommarar elles, badar og stuper dei i hølar lenger opp i Øvstetunsfossen. Hølane oppover har fått namna "Første Hølen",  "Andre Hølen", "Tredje Hølen" og "Fjerde Hølen". 

- Der har me ikkje bada i sommar enda, det går berre ikkje, me må venta litt, seier dei. 

Ungdomane fortel at dei stortrivst i Hølen for tida likevel, og dei plar samla seg der like etter skuletid. 

- Det har blitt ein sosial plass, og me har med litt snacks og drikke, seier dei.

- Litt dumt, eller det greit at skulen har starta att no når det endeleg er blitt fint vêr? 

- Både òg. Det var heilt greit å begynna att på skulen og møta att kompisar og "chickazz", ler dei, og skryt samstundes av lærarane på Årdal vidaregåande skule som gir dei ein mjuk skulestart i den etterlengta varmen. 

Til toppen