MISBRUKT: I helga vart dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren, kontakta av ein av kundane som mistenkte at ein e-post som utgav seg å kome frå den lokale bedrifta, var svindel. Det viste seg å stemme. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 
MISBRUKT: I helga vart dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren, kontakta av ein av kundane som mistenkte at ein e-post som utgav seg å kome frå den lokale bedrifta, var svindel. Det viste seg å stemme. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 

Bedrifta hans misbrukt i e-postsvindel

«Kjære kunde, gratulerer. Du er valt ut til å motta ein gratis iPhone 6s.»

Årdal: – Verkar det for godt til å vere sant, er det nok ikkje sant, seier Odd Øren, dagleg leiar i Årdalsnett, og legg til at svindlarane blir sleipare og sleipare.

I helga fekk han spørsmål frå ein av kundane sine om e-posten, som såg ut til å kome frå Årdalsnett, verkeleg stemte eller om det var misbruk av IP-adresser. Det viste seg å vere det siste.

I e-posten står det at mottakeren av e-posten si IP-adresse er plukka ut som vinnar av ein iPhone 6s. Årdalsnett er leverandør av breiband og internett, så dette er heimebane for deira del.

– Det finst to typar IP-adresse, ei ekstern og ei intern. Den eksterne kan knytast tilbake til deg, men den interne er vanskeleg å spore. I dette tilfelle er det nytta ei intern IP-adresse som mange har, og som berre er plukka ut tilfeldig. Då aukar truverdet, sidan folk ser adressa og tenkjer «jøss, det stemmer jo for eg har den adressa», forklarar Øren.

Sjeldan lokale bedrifter vert råka

Denne typen svindel er ikkje uvanleg. Det finst både falske Facebook-sider som lovar flotte premiar dersom du likar og deler, og i desse «fake news»-tider vert også aviser misbrukt til det som er falske nyheiter. 

Artikkelen held fram under biletet.

SVINDEL: Slik såg e-posten ut. Dårleg språk, skrive på bokmål er eit tydeleg teikn på at dette kan vere svindel. 
SVINDEL: Slik såg e-posten ut. Dårleg språk, skrive på bokmål er eit tydeleg teikn på at dette kan vere svindel. 

Derimot er det sjeldan at lokale bedrifter vert råka. Det gjer det kanskje ekstra vanskeleg å vere kritisk.

– Det er klart det framstår meir truverdig når det er ei lokal bedrift ein får det frå. Men uansett om det er lokale, nasjonale eller internasjonale bedrifter ein får det frå, er hovudregelen at dersom det ser for godt ut til å vere sant, styr unna, gjentek han og seier det er vanskeleg å beskytte seg mot at slike ting skjer.

– Både logoen vår og e-posten vår ligg tilgjengeleg for alle. Det kan hende me bør ta dette til politiet, men dei som gjer dette er veldig vanskeleg å spore opp.

Sjekk språk og avsendar

Øren tykkjer det er kjedeleg at bedrifta hans er blitt misbrukt på denne måten og seier dei prøver å informere kundane på best mogleg vis. 

– Ein skal vere varsom med kven ein tek kontakt med på internett. Det gjeld både aktivt og passivt. Me plar seie til folk at dei ikkje skal røre e-posten dei får dersom dei ikkje kjenner avsendaren. 

Eit anna viktig punkt er å sjå på språket. I dette tilfellet var e-posten for det første skriven på bokmål, og for det andre full av skrivefeil. Det er eit tydeleg teikn på at noko ikkje er som det skal. 

Til toppen