HEILT KONGE: Omsetninga hos Smak av Sogn i Lærdal auka med mellom femten og tjue prosent samanlikna med fjoråret. Både den aukande populariteten til Kongevegen og det strålande sommarvêret får æra for det.
HEILT KONGE: Omsetninga hos Smak av Sogn i Lærdal auka med mellom femten og tjue prosent samanlikna med fjoråret. Både den aukande populariteten til Kongevegen og det strålande sommarvêret får æra for det. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bedriftene langs Kongevegen melder om heftig vekst

Smak av Sogn i Lærdal er berre èi av mange som allereie merkar effekten av den nystrigla turistmagneten.

Lærdal: Stadig fleire går eller syklar den historiske Kongevegen over Filefjell, noko som betyr klingande mynt i kassa for bedriftene langs ruta.

– Veksten hjå dei ulike bedriftene er mellom 10 og 25 prosent i høve den sterke sesongen i fjor, skriv bedriftsnettverket Kongevegen i ei pressemelding.

Kongevegen over Filefjell

  • Kongevegen over Filefjell stod ferdig i 1793 som den første køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet.
  • Etter eit større restaureringsprosjekt opna kongevegen som turveg mellom Vang og Lærdalsøyri i 2016.
  • I 2017 vann Kongevegen over Filefjell EUs mest prestisjefylte kulturminnepris, Europa Nostra Award, i klassen bevaring.
  • Bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell er eit samvirke mellom verksemdene som ligg langs Kongevegen over Filefjell mellom Vang i Valdres og Lærdalsøyri i Lærdal.

Hjå Smak av Sogn landhandel på gamle Lærdalsøyri får dei stadig fleire Kongeveg-turistar innom.

– Kongevegen byrjar å bli innarbeida, og me legg merke til at folk er veldig nøgde med opplevinga når dei kjem ned til Lærdalsøyri. Det gjev oss energi til å halde fram, seier styreleiar Helene Maristuen i Smak av Sogn landhandel.

Hos dei er auken på 15-20 prosent i høve i fjor.

Les òg: Nytt årleg bransjetreff skal løfta Kongevegen

Tilfeldig trafikk

På Maristova har dei 10 prosent fleire overnattingar og omsetning enn rekordåret i fjor.

KONGENS VEG: Vindhellavegen er ein av dei meir spektakulære strekningane på Kongevegen.

– Det er ein del kongevegstrafikk, men òg ein del som kjem for å oppleva Norge, oppdagar kongevegen og blir verande. Jakobsstigen eller kongevegsbruene over Oddedøla her på Maristova byr inn til meiroppleving, seier Knut H. Maristuen i Maristuen Fjellferie.

Òg Filefjellstuene melder om ein solid opptur, godt hjulpne av det gode sommarvêret.

– Filefjellstuene har hatt 25 prosent auke på alt som gjeld kongevegen. I tillegg kjem folk som har booka hytte og organisert tur på kongevegen sjølv, sier dagleg leiar Jolanta Akelaitiene ved Tyin/Filefjellstuene.

Til toppen