AUKA TRAFIKK: Dagfinn Hegg-Lunde og fleire av dei andre Kongeveg-bedriftene fortel om ein auka pågang av turistar denne sesongen. Det knyttar dei til den gjeve prisen som vegen fekk i mai. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
AUKA TRAFIKK: Dagfinn Hegg-Lunde og fleire av dei andre Kongeveg-bedriftene fortel om ein auka pågang av turistar denne sesongen. Det knyttar dei til den gjeve prisen som vegen fekk i mai. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Bedriftene merkar at stadig fleire har fått augo opp for Kongevegen

– Eg snakka med ei som på denne tida i fjor ikkje hadde ei einaste bestilling. I år har ho over hundre, seier prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell.

Borlaug: I mai fekk den historiske vegen som går frå Lærdal, over Filefjell og til Vang Europa Nostra-prisen. Prisen vert rekna for å vere kulturminnevernet sitt svar på Oscarprisen.

Det vert lagt merke til. Prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, Lisbeth Engebretsen, fortel at fleire av bedriftene langs vegen har merka eit aukande trykk frå turistar.

– Me har ikkje ført nokon ordentleg statistikk, men dei eg har snakka med, melder om stor auke i tal førespurnader. Eit døme er på Sørre Hemsing. Ho fortalte at ho før sesongen starta hadde fått over hundre bestillingar. På same tid i fjor hadde ho null. Filefjellstuene har gått til innkjøp av ein ekstra minibuss for å klare å hjelpe folk med å kome seg hit og dit, fortel ho.

Store forventningar

Også på Lærdal-sida har dei merka pågangen. Dagfinn Hegg-Lunde som driv Borlo Bygdetun, seier det er knytt store forventningar til årets sesong.

– Då er det opp til oss sjølve å utnytte dette. Her hjå oss blir det altfor dårleg utnytta, men folk viser interesse for det me driv med og vegen ikkje minst. Eg får mykje spørsmål om vegen. Det rikeleg med historikk som er heilt unik på Filefjell, seier han.

På tunet hans nærmar det seg no tjue historiske bygningar fylt med rundt 1100 historiske gjestandar knytt til området og vegen. Nyleg var ein delegasjon frå Dovre innom for å lære og ta med seg kunnskap tilbake. 

– Det er inspirerande med to kommunar på kva side av fjellet som sparkar kvarandre i gang. Eg har store forventningar til spesielt fjellstrekninga frå St. Thomaskyrkja til Maristova.

I startfasen med å utvikle produktet Kongevegen

Både Engebretsen og Hegg-Lunde knyttar den auka trafikken til prisen og all merksemda Kongevegen har fått i kjølvatnet av det. 

– Me håpar det kjem mange besøkande, og me håpar dei er nøgde. Me prøver å formidle at me er i ein startfase når det gjeld å utvikle reiselivsproduktet Kongevegen. Me har framleis ting me må utvikle, men me håpar det blir ein positiv sesong for dei besøkande, og at me får tilbakemelding på det som ikkje fungerer slik at me kan ordne opp, seier Engebretsen. 

Til toppen