- GOD MOGLEGHEIT: Barbara Maiorana i Flåm AS (t.h) synst det er ein god moglegheit å kunne gå på kurs lokalt. Her med Camilla Lerum Bondevik frå Sogn opplæringskontor.
- GOD MOGLEGHEIT: Barbara Maiorana i Flåm AS (t.h) synst det er ein god moglegheit å kunne gå på kurs lokalt. Her med Camilla Lerum Bondevik frå Sogn opplæringskontor. (Foto: Sunniva Knutsen)

Bedrifter hyllar kurs med fokus på kortreist kompetanse

Nytt tilbod frå Sogn opplæringskontor fall i smak hjå bedrifter i Årdal.

Årdal: Torsdag skaut det nye kursprogrammet til Sogn opplæringskontor (SOK), fart. Dei inviterte bedrifter til Excel-kurs med kursleiar Frank Øvstetun i Sitep sine lokaler i Årdal.

Ein av deltakarane var Ruth Laberg frå Montér Andersen. Ho fortel at dei brukar Excel på arbeidsplassen, og at det er fort for å leggja seg til uvaner. 

– Det hender jo at me ikkje fokuserer på det me faktisk kan bruka programmet til, så det er bra å læra nye tips og meir effektiv bruk av det, seier Laberg og legg til: 

- UVANER: Ruth Laberg i Montér Andersen (t.h) seier ein fort legg til seg uvaner, og at det er bra å læra korleis ein nyttar Excel meir effektivt. Foto: Sunniva Knutsen

– Eg tykkjer det er veldig bra at me kan få gå på kurs lokalt med gode kursleiarar. Det visar jo seg at det er mykje god kompetanse her i bygda, som me kan dra nytte av, seier Laberg. 

– Me brukar Excel mykje i bookingavdelinga i Flåm AS. Me brukar det meir og meir når me skriv statistikk og rapportar. Eg kunne ein del frå før, men eg har lært meir avanserte teknikkar i dag, fortel Barbara Maiorana.

Gjer det lettare for sognebedrifter

Kursprogrammet er leia av Sogn opplæringskontor, og har som mål å retta seg direkte til ønskjene næringslivet har.

– Me har vore rundt til næringslivet i Sogn og har hatt ei intervjurunde der me spurte kva kompetanseheving dei har bruk for. Då fekk me ei brødliste med kurs som var ønskja, seier Camilla Lerum Bondevik til Porten.no. 

Ho fortel at dei fleste bedrifter i Sogn må senda folk på kurs i Oslo og Bergen, noko som kostar pengar og ofte krevjer nokre dagar vekke frå jobb. Nokre vel å leiga inn kursleiarar til bedrifta, men då er det ofte berre for ei lita gruppe. 

– Me vil forenkla prosessen for bedriftene, med at me arrangerer kursa. 

LOKALT: Kurset fann stad i Årdal ved kursleiar Frank Øvstetun i Sitep. Foto: Sunniva Knutsen

Fleire kurs, fleire stader

– I dag har me hatt kurs i Excel, slik at dei får ein innføring og læra korleis ein kan jobba smartare og meir effektivt med programmet. Framover vil me arrangere fleire kurs, seier Lerum Bondevik. 

Det er allereie sett opp LEAN-kurs for januar. Vidare vil dei fokusera på FSE (forskrift om sikkerheit ved elektriske anlegg), varmearbeid i industrien , og på sikt også marknadsføring og økonomi.

Lerum Bondevik fortel at kursprogrammet vil finne stad i Årdal i første omgang, men har som mål å utvida til regionen. 

– I starten vil kursa vera her i Årdal, men etterkvart som me vekser må me ut av Årdal og reisa dit bedriftene er. 

Til toppen